Statfjordfeltet foto Oyvind Hagen Equinor
FOR FÅ OPPDRAG: Offshoreflåten har færre oppdrag enn venta i Nordsjøen i juli. Det gjeld både for ankerhandteringsfartøy og forsyningskip. Biletet er frå Statfjordfeltet. Foto: Øyvind Hagen/Equinor
Nytt

Laber juli i offshoremarknaden

Gjennomsnittsratene i spotmarknaden i juli er dei lågaste dei har vore dei siste fire åra, og spesielt labert er det for forsyningsskipa.

30.07.2025

I går, tysdag 29. juli låg 19 ankerhandteringsfartøy og 18 forsyningsskip ledige på norsk og britisk side av Nordsjøen. Det går fram av oversikta til SSY Offshore, som er ein del av det London-baserte skipsmeklarselskapet SSY. 

Spotmarknaden er ein dag til dag-marknad der skip blir leigd inn for korte periodar.

Juli er tradisjonelt eit travel månad i Nordsjøen, men ikkje i år.

Oljeselskapa har gjort unna arbeid dei har planlagt raskare enn venta og har også blitt flinkare til å utnytte forsyningsskipa dei leiger inn, slik at dei får oppgavene løyst med færre fartøy. Det er faktorane som forklarar at så mange fartøy no er utan oppdrag, ifølge analytikar Johan Gustafsson i SSY.

I tillegg kjem mellom anna skatteskjerping i Storbritannia som har lagt ein dempar på aktiviteten på britisk side.

Ratene redusert til ein fjerdepart
Medan store forsyningsskip fekk rundt 20.000 britiske pund dagen i mai og juni i spotmarknaden er gjennomsnittet hittil i juli berre 5067 pund om dagen. I juli 2024 var gjennomsnittsraten over 15.000 pund om dagen.

I mai i år fekk reiarane betalt over 80.000 pund om dagen for å leige ut ankerhandteringsfartøy i spotmarknaden. I juni var gjennomsnittet over 32.000 pund. Hittil i juli er gjennomsnittet 15.00 pund om dagen. I juli ifjor var gjennomsnittet over 47.000 pund om dagen.

Medan ankerhandteringsfartøya - som mellom anna blir brukt til å flytte oljeriggar - er anvendlege på begge sider av Nordsjøen gjeld det i mindre grad forsyningsskip. Det er fleste forsyningsskip ledige på britisk side, men det smittar i avgrensa grad over på marknaden på norsk side, ifølgje Gustafsson.

Nye marknadar
Dei siste 30 dagane har uytnyttelsesgraden av den tilgjenglege forsyningsskipflåten i Nordsjøen svinga rundt 60 prosent. For ankerhandterarar har utnyttelsgraden svinga rundt i underkant av 40 prosent. Det er også ankerhanddteringsfartøy som har ligge i over ein månad utan arbeid. 

 Med låge rater trur Gustafsson ein del fartøy blir flytta til andre markandar framover, som Vest-Afrika og Sør-Amerika. 

Publisert: 30.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 29.07.2025 20:23

Mer om