Herøyhav 1
SILD: Herøyhav er på veg til Måløy med 800 tonn nordsjøsild. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Labert med tobis - kastar seg over nordsjøsilda

Det er god fart i fiske etter nordsjøsild. Fleire båtar tar ein pause i tobisfisket.

20.05.2022

Trass i at årets kvote med tobis er auka frå 60.000 tonn til 95.000 tonn, har fleire båtar valt å avbryte fiske etter tobis og heller satse på fiske etter nordsjøsild.

Bakgrunnen er at det har vore dårleg tobisfiske siste dagane på sandbankane syd i Nordsjøen.

Små fangstar
I dag er det ifølgje Sildelaget innmeldt berre ein tobisfangst, og det er Trygvason på 340 tonn.

Torsdag melde Herøy-båtane Herøyfjord og Nordsjøbas høvesvis 890 og 600 tonn.

Dei fleste båtane har att av sin tobiskvote, men fleire er no i gang med fiske etter nordsjøsild.

Bra med sild
17. mai vart det innmeldt seks fangstar nordsjøsild, 18. mai 10 fangstar og 19. mai ti fangstar. Største fangsten hadde Libas med 1170 tonn, som gjekk til oppmaling.

I dag er det innmeldt fem nye fangstar. Største fangsten har Herøyhav med 800 tonn. Denne fangsten skal leverast ved Pelagia Måløy, og gå til menneskeføde, og ikkje oppmaling til mjøl.

Snittevekta på silda er på 140 gram.

Mykje att av kvoten
Total kvote med nordsjøsild for ringnotfåten er på 100.387 tonn. Hittil er det innmeldt 20.290 tonn.

For tobis er det tatt 55.732 tonn av kvoten på 95.000 tonn.

Når det gjeld prisen på nordsjøsild, så vert prisen regulert kvar veke. Sildelaget opplyser på si heimeside at frå 23. mai er minsteprisen for sild med vekt over 125 gram på 5,13 kroner kiloen, og 2,40 kroner for sild under 125 gram.

Publisert: 20.05.2022 14:03

Sist oppdatert: 20.05.2022 14:20

Mer om