På veg til Vedde med 2.000 tonn tobis
God fart i tobisfisket. No vert det åtvara mot innblanding av kvitfisk.
Herøybåten Herøyfjord er ein av båtane som har hatt klaff på tobisfeltet siste dagane.
Båten er no på veg til Tripleline Vedde med 2.000 tonn tobis.
Dette er den største enkeltfangsten hittil, etter ei veke der det vart fiska 22.800 tonn tobis.
Ventar auka kvote
Sildelaget opplyser at hoveddelen av kvantum er tatt på Outer Shoal eller nord av den i Nordsjøen.
I tillegg har nokre få båtar tatt gode fangstar på «Kabelgrunnen» som ligg tett på grensa til dansk sektor.
I første del av fisket var feittprosenten i tobisen på knappe 5 prosent. No opplyser Sildelaget at feittprosenten er på veg oppover. Dermed stig også prisane, og minsteprisen er no 2,85 kroner kiloen.
Hittil er det fiska 40.465 tonn av kvota på 60.000 tonn, men det er venta at kvota vert auka til helga etter at eit tokt med Johan Hjort er avslutta.
Åtvarar mot kvitfiskinnblanding
Fiskeridirektoratet og Kystvakten gjekk tysdag ut og ber om at dei som deltar i fisket etter tobis opptrer aktsomt slik at det ikkje vert innblanding av kvitfisk under gjeldande minstemål.
I tillegg vert det mint om at det er forbod å fiske torsk, sei og hyse til oppmaling.
Det vert opplyst at hittil i årets sesong har det tidvis har det vore mykje innblanding av hyse og Bleike (hvitting, red merk) i enkelte område.
– Aktuelle tiltak vil for eksempel vere å taue pelagisk der det er muleg, unngå område med mykje kvitfisk, bruke reiskap som betrar seleksjonen av kvitfisk samt følge med på sonar og ekkolodd for å unngå kvitfisken, seier Thord Monsen seksjonssjef for kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Det vert også opplyst at det er aktuelt å opprette aktsomheitsområde eller stenge fiskefelt ved for stor innblanding av fisk under minstemål.
Grev seg ned
Tobisen held til på sandbotn, og vert også kalla sil. I norsk farvatn finst det fem artar; havsil, småsil, storsil, uflekka storsil og glattsil.
Store deler av tida er tobisen nedgraven i sanden. Om vinteren går han i dvale, sjølv om han er oppe og gyt om vinteren. Om sommaren er fisken oppe av sanden berre når det er godt med lys.
Tobisen er svært stasjonær og held seg stort sett innanfor sin sandsbanke. Dette har ført til at fisket etter tobis er delt inn i fleire område, der normalt minst 30 prosent av arealet er stengt for fiske.
Publisert: 10.05.2022 15:10
Sist oppdatert: 10.05.2022 14:57