NPK: Dette er ein gammal, men «gløymd» metode.
Lakefrysing har vore lite brukt i Noreg, men var i bruk før dei industrielle metodane tok over, mellom anna til nedfrysing av sild. I dag blir kvitfisken fryst ned i vertikalfrysar, horisontalfrysar eller frysetunnel.
Etter at forsøk med lakefrysing av makrell har vist seg å gi gode resultat, vil forskarane no prøve ut metoden på kvitfisk, fortel forskingsleiar Margareth Kjerstad i Møreforsking i ein artikkel i .
Ein av gevinstane ved lakefrysing skal vere at ein unngår at fisken krummar seg, og at han dermed lettare eignar seg til filetering og foredling etter at han er tint. Andre gevinstar er raskare og jamnare innfrysing og tining, lågare energiforbruk og mindre mekanisk belastning på fisken. Væskesleppet frå fisken under tininga ser òg ut til å bli mindre.
Eit anna mål i prosjektet er å kartleggje kva som eventuelt kan hindre sjømatnæringa i å ta metoden i bruk, slik som redusert lastekapasitet til havs og investeringskostnader.
Med seg i prosjektet har næringsaktørane Tekno Therm Marine AS, Havfisk AS, Primex Norway AS, Myre fiskemottak AS og ABS AS. Finansieringa står Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) for.

Publisert: 30.12.2019 13:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48