Laksemilliardaer satsar tungt paa oerret
ISLAND: Den polske laksmilliardæren Jerzy Malek satsar 25 millionar kroner Euro på ørret- og røyesatsinga til Arctic Fish, som har hovudbase her i Tálknafjörður nordvest på Island.
Nytt

Laksemilliardær satsar tungt på ørret

I april gjekk han tungt inn som aksjonær i Hofseth Biocare. No er den polske laksemilliardæren Jerzy Malek på farta igjen. 

31.07.2014
I staden for laks, er det no ørret og røye Malek satsar på, i følgje næringslivsnettstaden .
Malek fekk 940 millionar kroner då Marine Harvest i desember 2012 kjøpte Morpol, som var verdsleiande innanfor vidareforedling av røykt og marinert laks. Malek eigde 48,5 posent av Morpol, som har produksjons- og distribusjonsanlegg for laks i Polen, Frankrike, Storbritannia og Tyskland.

4000 tonn i året

No vert rundt 25 millionar Euro av salsgevinsten investert i ny aktivitet i polske Słupsk, berre to mil frå der Morpol hadde sin hovudbase. Anlegget får kapasitet på 4000 tonn ørret i året, og planen er å ha anlegget klart i midten av 2015.
I tillegg går Malek inn med ein tilsvarande sum i det islandske selskapet Arctic Fish, som har omfattande ekspansjonsplanar. Selskapet har hovudbasen i Tálknafjörður nordvest på Island, men har konsesjonar i tre fjordar og sju lokalitetar som tillet ein årleg slakt på 6000 tonn.

Populær fisk

Arctic Fish har ein halv million ørretsmolt i sjøen. Selskapet kontrollerer heile verdikjeda frå stamfisk, via klekkeri til havbruk. Til Undercurrent News seier Malek at Arctic Fish vil delvis forsyne anlegget i Polen med fisk.
- 300-400 grams fisk er populært i Polen og i Tyskland for steiking og grilling. Røye frå Island og ørret frå det polske anlegget vil passe marknaden godt, seier Malek til Undercurrent News.

Opnar for laks

Etter salet til Marine Harvest, fekk Malek forbod mot å starte konkurrerande verksemd med det norske selskapet, men dette forbodet galdt kun for laks.
I følgje Undercurrent News opnar Malek også for å konkurrere på laks med Marine Harvest når konkurranseklausulen med Marine Harvest opphøyrer.

- Kjempegøy

Men det er ikkje berre på Island og i Polen Jerzy Malek satsar. I april gjekk han inn med 45 millionar kroner i børsnoterte Hofseth Biocare. Dette var halvparten av emisjonen på 90 millionar kroner.
Malek eig dermed 10 prosent av det børsnoterte fiskeforedlings- og helsekostselskapet.
- Utruleg artig. Det er kjempegøy, sa administrerende direktør Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare om Malek sin investering i Hofseth Biocare.
Det vart derimot ikkje sagt kva planar Malek har med sin norske investering.
Les meir .
300-400 grams fisk er populært i Polen og i Tyskland for steiking og grilling

Publisert: 31.07.2014 10:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35