Nye Nerlandsøybrua i Herøy blei tysdag offisielt opna med folkefest, talar og høgtideleg snorklipping.
Rundt 800 personar møtte fram for å ta del i den historiske markeringa, som blei arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det kjem fram i ei melding frå fylkekommunen.

Fylkesordførar Anders Riise stod for den offisielle snorklippinga og markerte at brua med ein prislapp på 900 millionar kroner er open for trafikk.
Brua erstattar den gamle konstruksjonen frå 1968. I tillegg til den 574 meter lange brua omfattar prosjektet nye gang- og sykkelvegar, busslommer og vegomlegging på begge sider.
Entreprenørar for bygginga har vore Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS i eit arbeidsfellesskap.
Publisert: 14.10.2025 20:06
Sist oppdatert: 14.10.2025 20:06






