Rune Westad foto Kristin Vidhammer 22
GOD START: 2020 blei eit rekordår og båtforhandlar Rune Westad i Ferd Båt trur koronaeffekten held seg også i 2021: Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Fritidsbåt og bubilboom også i år

I mars i fjor permitterte Rune Westad halve arbeidsstokken, men kalla dei permitterte snart attende. 2020 blei eit rekordår.

15.05.2021

Etter det første sjokket hadde lagt seg etter at koronaepidemien kom strøymde kundane til.

Når ferietur til utlandet vart uråd på grunn av smittevernomsyn, satsa mange på båt i staden. Ferd Båt er eitt av selskapa som har hatt ein positiv koronaeffekt.

98,5 millionar kroner er den høgaste driftsinntekta Ferd Båt har hatt, og resultatet før skatt på 5,9 millionar kroner er også den beste lønsemda nokon gong for Ferd Båt.

Også 2021 har starta godt.

- Eg eg heilt sikker på at koronaeffekten varer ved også i år, seier Westad.

Han er dagleg leiar og ein av fire eigarar av Ferd Båt, med utsal i Ålesund, Fosnavåg og Molde.

Endring som varer
Dei som kjøpte båt til sommarsesongen selde den i liten grad som bruktbåt når sesongen var over.

Westad tek det som eit teikn på at båtlivet gav meirsmak, og at marknaden har utvida seg. Konsekvensen er mellom anna stigande brukbåtpprisar.

- Eg trur fleire har fått augene opp for Noreg, seier Westad.

Nye kundar
Nye kundar fekk også bubil- og campingsvognforhandlarane.

Tal frå Norges Caravanbransjeforbund viser 21,3 prosent auke i salet av brukte bubilar i 2020 samanlikna med 2019. Salet av brukte campingvogner gjekk opp 12,7 prosent. Det er typisk førstegangskjøparar som kjøper brukt, og i fjor haust var det færre som la bubilar og campigvogner ut for sal enn vanleg.

Samstundes med auka bruktsal var det ein liten nedgang, omlag fem prosent, i salet av nye bubilar og nye campingvogner.

Salet bråstoppa då koronakrisa kom, og også april 2020 blei ein skral månad for forhandlarane. Dei tapte inntektene frå salet av nye vogner og bilar dei to vårmånadane greidde bransjen ikkje å ta att, trass i eit godt sal resten av åre, ifølgje dagleg leiar Geir Holm i Norges Carvanbransjeforbund.

Krympa lageret
Magnar Romestrand, som driv Sunnmøre Caravan med utsal i Ørskog, Stryn og snart Volda, såg ikkje lyst på det då koronakrisa kom i mars 2020 og regjeringa stengte ned.

Han starta 2020 med eit varelager som var større enn han hadde planlagt. Det hadde blitt fleire om beinet på nordre Sunnmøre, og det gjorde marknaden tyngre enn han hadde venta.

Romestrand sine bange anelsar blei fort gjort til skamme.

Varelageret er kraftig redusert, og med færre fjorårsmodellar på lager er også lønsemda betre i 2021.

- Det som er utfordringa vår i år er at vi risikerer å gå tome, seier Romestrand.

Har ikkje nok
Koronaepidemien, og smitteverntiltaka mot den, har råka produksjonskapasiteten til bubil- og campingvognprodusentane slik at det ikkje er 2021-modellar å få tak i for forhandlarane, ifølgje Norges Caravanbransjeforbund.

Jon Arne Torset hos Ferda Ålesund skulle gjerne hatt meir av både brukt og nytt, og spesielt brukt.

Han meiner marknaden har utvida seg under koronaepidemien, og reknar med at det vil vere ein varig konsekvens av epidemien.

- Det er mange som har oppdaga at Noreg er eit fint land, seier han.

Publisert: 15.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 14.05.2021 12:30