Koronaboom for fleire bransjar
KORORNAOPPTUR: Tiltaka mot koronaepiodemien betyr at folk er meir heime, også i sommarferien. Det har mellom anna slått kraftig positivt ut for Anita Tilseth og andre i hagesenterbransjen.
Nytt

Koronaboom for fleire bransjar

Anita Tilseth og hennar kollegaer har aldri hatt ein travlare vår og forsommar. Les om bransjar med koronaboom.

21.06.2020
Like før koronaepidemien kom og store deler av aktiviteten i samfunnet vart stengt samla Hageland Tilseth kundar som ville lære meir om dyrking av matvekstar i hagen. Det arrangementet kunne butikken strengt tatt spart seg, for koronaepidemien har uansett gjort Noreg til ein nasjon av hagebønder i år.
Hagelandkjeda har hatt ein vekst i salet på 45 prosent i år, og alt av matvekstar har auka enda meir. Settepoteter til dømes. Hos Tilseth var det utseld i god tid før potetene burde settast i jorda, og det var typisk for heile landet.
- Det kunne vi berre seld så enormt mykje meir av, seier Tilseth.
Neste år skal ho bestille inn minst dobbelt så mykje settepoteter. For det første har det vore frustrerande å ikkje ha nok til alle kundane som ville kjøpe og for det andre trur Tilseth at erfaringane frå i år skaper ei varig større interesse for hage og matproduksjon i eigen hage - til glede for hagesenterbransjen.

80 prosent opp

Aller mest opp har salet av hagemøblar gått, 80 prosent i følgje Hageland-kjeda sentralt.
Etterspørselen etter møblar til hage og terasse merkar mellom andre Formfin i Sykkylven (som sel møblane gjennom Bohus-kjeden).
Omlag 10 prosent av driftsinntektene kjem frå utemøbelkolleksjonen, seier Formfin-sjef Steinar Magne Myrset. Den andelen har vore aukande sidan Formfin satsa på utemøblar i 2017. Hittil i år ligg salet av utemøblar 15 prosent over tilsvarande periode i 2019.
Folk kjøper også meir innemøblar. i år mot mai i 2019 og Ekornes melde fredag at selskapet vil bruke helgar og ferie til å få unna alle bestillingane som kom etter fleire land letta på smitteverntiltaka.

Bygger terasse

Byggvarebransjen merka den positive koronaeffekten nesten frå første dag. Folk innstilte seg på å vere heime, truleg også i sommarferien, og sette i gang med å pusse opp og utbetre hus og eigedom, først innandørs så utandørs.

- Det har vore rett i taket i lengre tid, sa Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda til NETT NO i slutten av april i år.
Tal frå bransjeforeininga Virke Byggevarehandel viste at privatkundar handla for 19,7 prosent meir av material, maling og andre byggevarer i mars i år enn i mars 2019.

Sykkelmangel

2020 starta dårleg og koronaepidemien gjorde at det såg ut til å bli enda verre, fortel dagleg leiar Bjørn Valderhaug i Sunnmøre Sport Holding som driv sju heil- og deleigde sportsbutikkar på Sunnmøre og i Nordfjord.
No har nokre av butikkane alt henta inn det tapte og meir til samanlikna med salet i same periode same i fjor, medan fleire av butikkane er like ved.
Etter påske tok det av. I mai har butikkane hatt frå 20 til heilt opp i 85 prosent auke i salet, samanlikna med mai i fjor.
Frluftsutstur, tursko, syklar og ikkje minst el-syklar går unna. For elsyklar byrjar marknaden å bli skrapa og for hengekøyer har etterspørselen passert tilbodet.
- Vi får ikkje tak i no, seier Valderhaug om hengekøyer.

Rekordsal

Hos båtforhandlar Rune Westad i Ferd er det lange dagar. Koronastilla varte ikkje lenge, og så langt er 2020 eit rekordår.
- Vi har ikkje mannskap til å handtere trykket, seier Westad.
Sel både nye båtar og båtar han tek i innbytte. Bruktbåtlageret er no uvanleg lite. Selskapet har slutta å annonsere brukte båtar til sals fordi forespørslane frå kundar som vil ha båt er så mange at annonser ikkje trengst.
Også Jan Arne Torset hos bubil- og campingvognforhandlaren Ferda fortel om eit krympande bruktlager, ein ideell situasjon for ein kapitaltung bransje. Vendepunktet kom i påska.
- Det er spesielt på brukt det har tatt av, seier Torset.
Førstegangskjøparar i bubil- og campingvognmarknande kjøper ofte brukt. I mai auka salet av brukte bubilar med 54 prosent og av brukte campingvogner med 20 prosent på landsbasis, ifølgje Opplysningsrådet for veitrafikken/Norges Caravanbransjeforbund.

Publisert: 21.06.2020 06:00

Sist oppdatert: 23.03.2021 08:46