Jan Christian Vestre januar 2024 nmk foto marius
TILTAK: Næringsminister Jan Christian Vestre presenterer sju nye tiltak som skal bidra til å gi norsk vareproduksjon og design eit løft på det internasjonale marknaden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lanserer eksportsatsing for møbel

Møbelindustrien er blant dei prioriterte bransjane i regjeringa si nyaste eksportsatsing.

21.02.2024

NPK-NTB: – Tiltaka skal gjere det lettare for norske bedrifter å utmerke seg internasjonalt. Ambisjonane for eksportsatsinga er høge, og dei speglar næringslivet sine eigne mål. Det er ingenting som tilseier at norske bedrifter ikkje skal vere best i klassen, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

Onsdag lanserte næringsministeren sju tiltak, retta mot bedrifter som driv med vareproduksjon og design.

Norsk vareproduksjon og design kan vere alt frå vinglas, peisar, tekstilar, møblar og fritids- og sportsutstyr for konsumentar, til maskiner, 3D-skrivarar, bilstøytfangarar og komposittprodukt.

Bransjesjef for designvareindustrien i Norsk Industri, Egil Sundet har tidlegare etterlyst meir statlege midlar til den eksportretta delen av industrien som lagar «saker og ting» - som møbelbransjen.

– Vi har allereie ein design og vareindustri som sysselsett 60.000 personar og omset for 130 milliardar kroner, der kring halvparten blir eksportert. Den lev ganske godt i Norge sjølv om den ikkje har naturgitte føresetnader for det, sa Sundet til NETTNO i fjor.

77 milliardar
Ifølgje tal frå Menon Economics eksporterer bedrifter innan vareproduksjon og design for 77 milliardar kroner årleg, skriv departementet.

– Dette er verksemder som allereie eksporterer mykje. Samtidig peikar Nasjonalt eksportråd på at moglegheitene er mykje større, og at mange fleire små og mellomstore bedrifter har potensial til å konkurrere på verdsmarknaden. Eksportsatsinga på vareproduksjon og design handlar om å gjere felles framstøyt for å løfte fram norske produkt, tenester, bedrifter og kompetanse internasjonalt, seier Vestre.

Det er allereie lansert tilsvarande satsingar på havvind, maritim industri og helsenæring, og før sommaren blir eksportsatsinga lansert innan reiseliv.

Dette er dei sju tiltaka til regjeringa:

* Styrkt internasjonalt nærvær

* Eksportframstøyt i relevante marknader

* Etablere eksportprogram for bedrifter innan vareproduksjon og design

* Etablere utviklingsprogram i strategisk posisjonering og merkevarearbeid

* Benytte Team Norway og relevante utanriksstasjonar til å fremje norsk vareproduksjon og design

* Etablere eit prosjektstyre for satsinga med representantar frå næringslivet

* Måle verdiskapinga, eksporten og effekten av satsinga

Publisert: 21.02.2024 11:25

Sist oppdatert: 21.02.2024 11:28