Egil Sundet foto Marius Bjørkedal 11
MEIR DRAGHJELP: Bransjesjef, Egil Sundet, for designvareindustrien i Norsk Industri, meiner norske styresmakter bør auke investeringsstøtta til norske bedrifter. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

«Går nærast for lut og kaldt vatn»

Det er langt frå berre låge løner som gjer det enklare for bedrifter å satse utanlands, enn her heime.

Marius Rosbach
02.01.2024

Mange norske bedrifter som har flytta utanlands, har vore på jakt etter å kutte kostnader. Lågare timelønner og god tilgang på arbeidskraft har gjort det til ein «nobrainer» for mange.

Bransjesjef for designvareindustrien i Norsk Industri, Egil Sundet vil motverke utviklinga, mellom anna ved å nytte meir statlege midlar til den eksportretta delen av industrien som lagar «saker og ting» - som møbelbransjen.

Han meiner for mykje offentleg merksemd og støtte går til batterifabrikkar, hydrogensatsingar og havvindproduksjon.

– Vi har allereie ein design og vareindustri som sysselsett 60.000 personar og omset for 130 milliardar kroner, der kring halvparten blir eksportert. Den lev ganske godt i Norge sjølv om den ikkje har naturgitte føresetnader for det, understrekar Sundet.

– Går nærast for lut og kaldt vatn
Bransjesjefen meiner høge investeringar i ein overdimensjonert oljepakke er med å halde arbeidsløysa låg for augeblinken – men er redd det kan snu fort om oljeprisen for alvor peikar nedover.

– Mykje anna næringsliv går nærast for lut og kaldt vatn. Samtidig er det kanskje dei som skal vere her den dagen oljeprisen går ned, og fornybarsamfunnet har kome lengre enn i dag, legg han til.

Medan den norske eksportverdien av design- og ferdigvarer har vore kring 60 milliardar årleg, har verdien vore nær tredobbel i Danmark og firedobbel i Sverige.

Meiner det er godt tidspunkt for satsing
Ei av utfordringane for Norge har tradisjonelt vore at mykje av eksporten har vore råvarebasert, og mindre har vore produkt. Sundet meiner det er eit godt tidspunkt å satse på ferdigvareproduksjon i industrien her heime.

– Ei maskin kostar det same i Baltikum, som i Norge, og relativt sett er det billegare å kjøpe maskiner i Norge, seier Sundet.

Etter at Norge i fleire tiår var ei eksportsinke samanlikna med resten av Europa, har veksten vore betre enn i våre naboland dei siste åra, med ein boom under pandemien.

(saka held fram under)

Egil Sundet Bjørkedalfoto 1
LÅGARE STØTTE ENN I UTLANDET: Bransjesjefen påpeiker at bedrifter får høgare investeringsstøtte, om dei satsar til eksempel i Baltikum, enn heime i Norge. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Får mindre støtte i Norge
Bransjesjefen meiner spesielt éi årsak har fått for lite merksemd kring utviklinga med bedrifter som ekspanderer i utlandet.

– Om du bygger ein fabrikk, eller sett i stand eit lokale til næringsverksemd, gir dei baltiske landa investeringstilskot på 30 prosent - eller meir.

Polen, som er eit anna land der mange norske bedrifter har oppretta verksemd, er på same nivå. I Sverige er støtta gjerne på drygt 20 prosent.

Tilsvarande støtte i Norge vil vere kring ti prosent – om bedrifta er heldig, påpeiker Sundet.

Norge har den dårlegaste investeringsstøtta av alle land vi kjenner til
Egil Sundet

– Vi er ikkje glade for dei forskjellane
Slik investeringsstøtte kan bli gitt både til bygg og maskiner, og gjer reknestykket for å satse utanlands langt meir fordelaktig.

– Vi er ikkje glade for dei forskjellane i rammevilkår. Norge har den dårlegaste investeringsstøtta av alle land vi naturleg samanliknar oss med, seier Sundet.

Saka er mellom Norsk Industri sine prioriterte saker, ikkje minst for å nå eksportmåla regjeringa sjølv sette seg med ein auke på 50 prosent innan 2030.

Hugsar godt skepsisen på 1990-talet
Utgangspunktet for at bedrifter som Jets og Libra-Plast starta utomlands, var mellom anna behovet for å flytte ut arbeidskrevjande prosessar for å vekse. Fordelane gjorde dei i stand til å konkurrere betre med produsentar i lågkostland.

Egil Sundet hugsar skepsisen då norske bedrifter i aukande grad tok til å etablere seg i utlandet på 1990-talet.

– Alle var sikre på at det ville føre galt av stad og at arbeidsplassane ville ryke, seier han.

I dag er han mellom dei som ser at utviklinga for mange har vore med å trygge jobbane i Norge.

Les om sunnmørske selskap i Baltikum:

Mindre lønnsskilnad mot utlandet
Auka automatisering er ei utvikling som går i favør av meir teknologisk utvikla industri. Sundet fortel at temaet på den årlege konferansen til møbel- og interiørindustrien i Estland, var korleis dei skal klare seg i konkurransen mot Finland.

– Dei er i ein skvis, fordi fortrinna deira ikkje er så bra som dei var for nokre år tilbake, seier han.

– For ti år sidan låg timelønnene på ein sjettedel av det finske nivået. No er dei oppe på ein tredel, fortel Sundet.

Samtidig meiner han både møbel- og tekstilindustrien her heime har store moglegheiter til å bli meir automatiserte. Dette gjeld også mykje av ferdigvareindustrien.

Publisert: 02.01.2024 11:22

Sist oppdatert: 02.01.2024 19:19

Mer om