Seaonics
GANGVEG: Seanoics har utvikla heilelektrisk ganveg. Illustrasjon: Seaonics
Nytt

Lanserer heilelektrisk gangveg

Seaonics vil bidra til å elektrifisere havvindnæringa.

28.01.2022

I ei pressemelding opplyser Ålesund-selskapet Seanocis at selskapet har utvikla ein ny heilektrisk gangveg til bruk for offshore vindoperasjonar.

Det siste tilskotet heiter Seaonics ECNG (Electric Controlled Motion Compensated) Gangway.

- Med auka fokus på fornybart og berekraft, er vi i Seaonics veldig stolte over å lansere ein heilelektrisk gangveg, som vil møte den aukande etterspørselen etter smarte løysingar innanfor SOV-marknaden, seier Ståle Fure, salssjef Offshore Wind i Seaonics i pressemeldinga.

På grunn av auka etterspørsel etter autonome operasjonar og funksjonar har Seaonics også utvikla eit autolandingssystem basert på kamera- og sensorteknologi for å minimere risikoen for menneskelege feil under kritiske operasjonar.

Vil elektrifisere meir
Senior systemingeniør Tom Giske, som har vore sentral i utviklinga av SOV-konseptet, seier i pressemeldinga at den nye autonome og heilelektriske teknologien gir mange betydelege fordelar for kundane.

- For eksempel minimerer det helelektriske drivsystemet utslepp av alle typer, og det autonome landingsmodussystemet sikrar sikrare og raskare operasjonar til sjøs.

Seaonics opplyser at den nye gangvegen er i tråd med selskapets filosofi om å elektrifisere alle handteringsoperasjonar til sjøs.

Publisert: 28.01.2022 09:52

Sist oppdatert: 28.01.2022 09:56

Mer om