Larsnes Mek bygger nytt fiskefartøy
Verftet sikra ny kontrakt på fiskebåt designa av Skipskompetanse.
Larsnes Mek Verksted i Sande skal bygge eit nytt snurrevad/notfartøy som er designa av Skipskompetanse i Måløy.
Det er Roger Nilsen og Camaro Fiskeriselskap i Nord-Lenangen som har tinga nybygget, som vil få namnet Nord-Fugløy, ifølgje ei pressemelding torsdag.
Leverast mot slutten av 2022
Verftet og designselskapet har samarbeida ein rekke gonger tidlegare.
Fiskebåten blir 50,7 meter lang og 12 meter brei, og skal leverast mot slutten av 2022.
«Sammen er vi spesielt fornøyd med at støtten fra virkemiddelapparatet brukes for å stimulere norske prosjekt med norsk utstyr og ikke minst at fartøyet bygges i Norge. Ringvirkningene blir store når en tar med at mange av leverandører til prosjektet er store og små lokale Norske bedrifter», heiter det i meldinga.
Utstyrt med batteripakke
Fartøyet skal utrustast for
effektiv og miljøvennleg fiske med snurrevad og not.
Om
bord blir det ei pakkeripakke på 1000 kilowatt-timar og fartøyet får mellom
anna ein stor propell, to-trinns gir og variabel turtalsgenerator. Det blir også kombinerte fisketankar
for levande fisk, nedkjøling ved ising i kar, i tillegg til lagring i fryserom.
Publisert: 11.03.2021 10:07
Sist oppdatert: 25.06.2021 16:30