Lefdal Mine Datacenter inviterer nye investorar
VEKST: Tomme gruvegangar i olivingruva i Lefdal i Nordfjord er blitt datalagringsenter. Kjøleelementet er fjorden rett utanfor anlegget og det reduserer energibruk og kostnadar samanlikana med tradisjonelle datalagringsenter i bygg.
Nytt

Lefdal Mine Datacenter inviterer nye investorar

Gjekk frå nesten null til 48 millionar kroner i driftsinntekter i sitt første driftsår. No vil eigarane av datalagringsenteret i Nordfjord ha mykje kraftigare vekst.

13.08.2019
Det er meklarselskapet Pareto som har fått jobben med å kartlegge interesse og få nye investorar inn i selskapet.
Veksten og potensialet for datalagringsenteret har utvikla seg raskare enn selskapet såg for seg, og meir kapital skal gjere det råd å få til ein raskare vekst, seier styreleiar Sindre Kvalheim i Lefdal Mine Datacenter.
- Vi er ute etter å få inn ein aktør som kan bidra til å løfte dette vidare, seier han.

Kvalheim seier selskapet er ute etter investorar som kan gi selskapet eit løft ut over det å skyte inn pengar, ved å ha ein kundemasse eller nettverk som gir meir vekst.

Klar med kapasitet


Så langt er det investert 300 millionar kroner i datasenteret. Opphavleg hadde Lefdal Mine Datacenter sett for seg å bygge ut kapasitet i anlegget i takt med etterspørselen frå nye kundar. No ser dei både at potensielle kundar etterspør mykje større kapasitet enn før og at det er eit poeng å ha kapasiteten klar før det blir skrive nye kontrakter.
- Vi ser konturane i marknaden av at du må ha mykje kapasitet tilgjengleg når kundane kjem, seier Kvalheim.
Det betyr at det må investerast meir i infrastruktur i gruva, og det er hovudgrunnen til kapitalutvidinga.
Kvalheim vil ikkje kommentere kor mykje pengar som skal hentast inn og kor stor eigarandel dei nye investorane skal ha.
Planen er at også dagens eigarar skal delta i kapitalutvidinga. Kvalheim reknar med at kapitalinnhentinga blir gjennomført i løpet av året.

Lokalt eigd

I dag er Lefdal Mine Datacenter dominert av lokale eigarar:
Den tyske datasenterutstyrsleverandøren Rittal Beteiligungs Gmbh, som er en del av Loh-gruppen, er den einaste internasjonale aksjonæren, med ein tredjepart av aksjane.
Norwegian Datasenter Group, med adresse i Måløy, eig og ein tredjepart av aksjane. Bak Norwegian Datasenter Group er dei to største ei rekkje investorar og næringsdrivande i Måløy gjennom seleskapet Localhost Holding (74 prosent) - blant dei Gunnar Carlson-selskapet Brothers og Carlson-partnar Svein og Kristian Skibenes i Skibenes & Søn - og Sogn og Fjordane Energi (18 prosent).
Carlson-selskapet Brothers eig også 8,33 prosent direkte i tillegg til å vere medeigar i Norwegian Datasenter Group. Skibenesfamiliens selskap Bard Invest har ein direktepost på 6,667 prosent, Sogn og Fjordane Energi ein direktepost på 6,667 prosent og fiskeeksportselskapet Coast Seafood i Måløy eig 8,333 prosent,
It-holdingselskapet Localhost Holding i Måløy eig 3,333 prosent.

Kjølig gruve

Lefdal Mine Datacenter brukar den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord.
Datalagringssenter krev mykje straum, mellom anna til kjøling av dei store datamaskinene.

Ved å legge senteret i kjølig gruvegangar langt nede i fjellet og kombinere det med å bruke sjøvatn som kjølemedium reduserer Lefdal Mine energibehovet - og driftskostnadane - samanlikna med eit tradisjonelt datalagringsenter - som baserer seg på luftkjøling og ligg i store bygg. I Lefdal-anlegget sirkulerer vatn i rør frå datamaskinene og ut i fjorden rett utanfor, avgir varmen og kjem nedkjølt tilbake for ei ny runde.

Store kundar

- Ein tosifra vekst, sa IBM-direktør Laurence Guihard-Joly om den årlege etterspørselsveksten for datasenter framover ved opninga av Lefdal Mine Datacenter i mai 2017.

IBM er både er kunde og partnar i anlegget. På kundesida er også tyske Innovo Cloud Gmbh som driv anlegg retta mot finansbransjen.


Publisert: 13.08.2019 10:01

Sist oppdatert: 12.06.2022 14:04

Mer om