Det går fram av ei pressemelding som dagleg leiar Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS sende ut etter at det vart kjend at ein ny rapport frå Statens vegvesen viser at ei indre kryssing av Nordfjorden (Stryne-lina) vert fire-seks milliardar kroner billegare enn ei midre line med bru Anda-Lote og bru over Voldafjorden.
Stryne-lina frå Skei i Jølster til og med Ørstafjorden, vil koste åtte milliardar kroner. Tilsvarande tal for bru Anda-Lote og bru over Austefjorden i Volda vil koste 12 milliardar, og med ei lengre bru nærare Folkestad vil prisen komme opp i 14 milliardar, skriv .
Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp), har tidlegare uttalt at det er dersom framtidig E39 vert lagt over Anda-Lote og gjennom Stigedalen mellom Eid og Volda.
Ifølgje rapporten er samfunnsnytten for midtre alternativ 6,3 milliardar kroner over 75 år, med fire prosent rente, mot 5,6 milliardar for den indre traséen.
- Vegvesenet viser (…) til at offentlege utval og finansdepartement meiner 40 år er rimeleg levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekne med stor ombygging og oppgradering, skriv Sunnmørsposten.
- Indre line kjem styrka ut med denne rapporten, seier stortingsmann Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal - til .
Informasjonssjef Ivar Torvik i Samferdsledepartementet seier at det kjem ei avgjerd for traséval Skei-Ålesund i løpet av våren.
Stryne-lina frå Skei i Jølster til og med Ørstafjorden, vil koste åtte milliardar kroner. Tilsvarande tal for bru Anda-Lote og bru over Austefjorden i Volda vil koste 12 milliardar, og med ei lengre bru nærare Folkestad vil prisen komme opp i 14 milliardar, skriv .
Opnar for flyplassofring
- E39 i midtre vil i motsetnad til E39 i indre legge til rette for effektivisering av flyplass- og sjukehusstruktur og kommunesamanslåing slik regjeringa ønskjer. Eid og Gloppen kommune har vedtatt at dei er innstilt på kommunesamanslåing dersom det blir bru over Lote/Anda. Ved indre E39 aukar avstanden mellom regionane og tenestene, og ein vel bort høvet til å oppnå denne effektiviseringa i framtida, skriv Andersson i pressemeldinga som vart sendt ut onsdag kveld.Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp), har tidlegare uttalt at det er dersom framtidig E39 vert lagt over Anda-Lote og gjennom Stigedalen mellom Eid og Volda.
Størst nytte på lang sikt
Mats Andersson i Nordfjordkryssing AS som jobbar for midtre line, legg i pressemeldinga vekt på at den nye rapporten frå Statens vegvesen, bygt på SINTEFs utrekningar, viser at denne traséen over 60 og 75 år, med ei rente på fire prosent, gir størst samfunnsnytte.Ifølgje rapporten er samfunnsnytten for midtre alternativ 6,3 milliardar kroner over 75 år, med fire prosent rente, mot 5,6 milliardar for den indre traséen.
Jubel i indre
- Vi byggjer ikkje E39 for 25 eller 40 år - vi byggjer E39 for all framtid. Det bør være sjølvsagt at vi då reknar samfunnsnytten over minst 60 år, slik også statsråd Ketil Solvik-Olsen har sagt det bør vere, seier Mats Andersson. Då gir konklusjonen seg sjølv, etter Statens Vegvesen Region Vests nye rapport, ifølgje pressemeldinga frå Nordfjordkryssing AS.- Vegvesenet viser (…) til at offentlege utval og finansdepartement meiner 40 år er rimeleg levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekne med stor ombygging og oppgradering, skriv Sunnmørsposten.
- Indre line kjem styrka ut med denne rapporten, seier stortingsmann Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal - til .
Informasjonssjef Ivar Torvik i Samferdsledepartementet seier at det kjem ei avgjerd for traséval Skei-Ålesund i løpet av våren.
Publisert: 27.03.2014 13:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32