Sanco Swift og Sword innfelt Ivar Slettevoll foto Kjetil 11
STØRSTE AKSJONÆR: Ivar Slettevoll (innfelt) og ektefellen har kjøpt seg opp til å bli majoritetseigarar i Sanco Group, finansiert mellom anna med utbytte. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Eigarane tok ut 480 millionar i utbytte frå Sanco Group

Utbyttet sikra at Ivar Slettevoll kunne kjøpe ut ei gruppe mindre aksjonærar og ta attende kontrollen i seismikk-selskapet.

07.08.2025

I mai kunne Nett No fortelje at selskap eigd av Ove Godø, Olav Godø, Sindre Røren, Oddmund Holmen og familiemedlemar selde aksjane sine i seismikk-selskapet i Gjerdsvika i Sande kommune til Ivar Slettevoll.

Tilsaman eigde dei 17,5 prosent i selskapet, og fekk etter det Nett No hadde grunn til å tru, omlag 300 millionar kroner for aksjane sine.

Kjøpet gjorde at Ivar Slettevoll og ektefellen Bjørg Randi Steine Slettevoll auka sin eigarandel frå 38,2 til omlag 56 prosent. Dei eig aksjane gjennom selskapet Charo.

Finansierte kjøp
Slettevoll seier at dersom han skulle klare å kjøpe desse aksjane: – var eg avhengig av at det kom et utbytte. Det var ein del av finansieringa. Men samstundes er det verdt å nemne at utbyttet vart einstemmig vedtatt på generalforsamlinga, seier han.

Generalforsamlinga i Sanco Group vedtok eit ordinært utbytte på 400 millionar kroner og eit ekstraordinært utbytte på 80 millionar kroner etter 2024. Det går fram av årsmeldinga til selskapet.

Med ein eigarandel på 38,2 prosent betydde det 183 millionar i utbytte til Charo. 

Tresifra millionoverskot
I juli i år melde Sanco Group at det har kjøpt det 15 år gamle skipet PGS Apollo. Etter ei oppgradering skal det vere klart til drift ved årskiftet.

Då vil reiarlaget ha sju skip i flåten.

Dei seks Sanco Group-fartøya reiarlaget hadde i drift i fjor auke både inntekter og overskot til Sanco Group (sjå tabell).

– Det ser brukbart ut, sjølv om det vel skal mykje til at det blir like godt som i fjor, seier Ivar Slettevoll om korleis det har gått så langt og ser ut for resten av 2025.

Alle skipa er utleigde for heile 2025.

Sanco Group as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt915,0834,7
Driftsresultat337,1330,7
Resultat fr341,9312,2

Comeback
Ivar Slettevoll starta selskapet i 1996 saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll.

Bjarte Slettevoll eigde ved årsskiftet 30,1 prosent i Sanco Group gjennom selskapet Bjartland. Selskapet In Motion med blant andre Hallvard Slettevoll på eigarsida, eig 8,1 prosent. 

Ivar Slettevoll ville at Sanco Group i Gjerdsvika i Sande skulle bygge nytt seismikkskip, men vart nedstemt av eit samrøystes styre i fjor haust. 

Det var årsaka til at han trekte seg som sjef for konsernet ved årsskiftet 2024/2025, sa Ivar Slettevoll til Nett No i mai i år.

I samband med at han og ektefellen kjøpte seg opp til å blir majoritetseigar kom han også attende, ikkje som konsernsjef, men som styreleiar.

Publisert: 07.08.2025 14:51

Sist oppdatert: 07.08.2025 14:52

Mer om