Svein Rune Gjerde Vi har ein god del ting paa gang
SKAL HA FLEIRE TILSETTE: Svein Rune Gjerde er dagleg leier og stor aksjonær i skipsdesingselskapet Marin Teknikk.
Nytt

Utvikling kosta for Marin Teknikk

Eit nyutvikla skip har gitt meir arbeid til Marin Teknikk, men førebels ikkje den lønsemda skipsdesignselskapet i Herøy hadde håpa på.

07.08.2025

Det er snakk om eit skrog som gir eit skip som er stødigare i sjøen, ein stor fordel til dømes når skipet er base for vedlikhald- og driftsoperasjonar på vindkraft- og oljeinstallasjonar til havs.

Hos Green Yard Kleven skal det byggast eit 89,5 meter langt fartøy med einmannslugarar til 90 personar på det nye Marin Teknikk-designet. Skipet skal vere eit støttefartøy for ei ubemanna gassplattform i rumensk farvatn i Svartehavet. 

Dagleg leiar og storaksjonær Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk er nøgd med inntektsveksten i fjor, som det nye skipskonseptet medverka til, men ikkje med det økonomiske resultatet av arbeidet.

Håpar på nye marknadar
Marin Teknikk har framleis arbeid att på oppdrag knytt til det nye designet, som Gjerde håpar skal gi betre lønsemd i år.

Han er også optimistisk til sjansen for at det nye designet skal gi ytterlegare arbeid. Under utviklingsarbeidet har Marin Teknikk sett at det nye skipsdesignet kan brukast på fleire området enn Marin Teknikk først såg for seg, mellom anna i oppdrettsbransjen.

Skal ha fleire tilsette
Etter å ha gått med over 19 millionar kroner i underskot i 2022 nesten dobla Marin Teknikk inntektene frå 2022 til 2023 og fekk eit lite overskot.

Trass underskotet i fjor er Marin Teknikk på jakt etter fleire folk, og har ytterlegare vekst i år.

På hovudkontoret i ved Dragsund i Herøy har selskapet omlag 40 tilsette og tilsaman 18 tilsette i sine to polske datterselskap. 

Marin Teknikk as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt69,150,1
Driftsresultat-5,1-1,5
Resultat før skatt-1,90,3

Publisert: 07.08.2025 09:50

Sist oppdatert: 07.08.2025 09:51

Mer om