Lene Trude Solheim går til NHO
Blir regiondirektør i NHO Møre og Romsdal.
- Det var stor interesse for stillingen og jeg er svært fornøyd med utfallet av en grundig prosess. Det er særlig positivt at Lene Trude (Solheim) har bred næringslivsbakgrunn. Sammen med styret gleder jeg meg til å samarbeide tett med henne for næringslivet i Møre og Romsdal, sier styreleder i NHO Møre og Romsdal, Sidsel Sæterøy, i en pressemelding.
Lene Trude Solheim er i dag dagleg leiar for Næringsforeningen Ålesundregionen. Ho byrjar i NHO 1. februar 2024 og erstattar då Espen Remme, som varsla sin avgang tidlegare i år.
Solheim kom til Næringsforeningen Ålesundregionen i august 2020.
Ho kom frå jobben som organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group og tek til som sjef for Næringsforeningen 1. august.
Solheim har vore kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group sidan 2006 og arbeidd i Ulstein/Rolls Royce-selskap sidan 1997. I 2018 fekk ho utvida ansvar, til å også leie organisasjonsutviklinga i Ulstein Group, og sit i konsernleiinga.
Publisert: 07.11.2023 10:10
Sist oppdatert: 07.11.2023 11:14