Fylket tek over jobben frå 1. januar, og i ein overgangsperiode må folk bu seg på vente lenger enn før.
- Mange tusen saker om fylkesveg blir behandla kvart år, mange skal overførast til oss frå Statens vegvesen. I ein periode er det naturleg å vente at det vil kunne gi lengre saksbehandlingstid. Det har vi også varsla kommunar og samarbeidspartar om. Men vi skal gjere det vi kan for at ventetida ikkje blir lengre enn nødvendig, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Vegadministrasjonen i fylkeskommunen får 133 tilsette.
- Vi har fått med oss mange tilsette med erfaring frå Vegvesenet, og vi er i ferd med å få inn fleire nye kollegaer. Vi blir eit noko mindre fagmiljø en før, men samstundes eit sterkt eit som skal bygge, ta vare på og utvikle fylkesvegane i framtida, seier Tønnesen i pressemeldinga.

Publisert: 27.12.2019 08:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48