Flyplass ålesund lufthavn vigra foto marius 11
MARKERER KLM-RUTE: I desse dagar er det ti år sidan KLM starta opp flygingar til Amsterdam frå Vigra. Denne veka aukar flyselskapet til to daglege avgangar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lettare ut i verda frå Vigra

KLM feirar ti år for etterspurt rute. Samtidig er fleire utlandsflygingar tilbake på programmet.

Marius Rosbach
27.03.2023

Måndag blir det feiring av at Amsterdam-ruta til KLM frå Vigra-flyplassen starta opp for ti år sidan.

Samtidig aukar flyselskapet til to daglege avgangar kvar morgon og ettermiddag. Enkelte dagar avviker frå det faste oppsettet, men også i helgane vil det ofte vere to flygingar for dag til Amsterdam for reisande frå Ålesund.

- Vi er veldig glade for at KLM no er tilbake for alvor etter pandemien, og spesielt desse morgonavgangane har vore etterspurt frå næringslivet, seier lufthamnsjef Bent Helge Sjursen til NETT NO.

Fleire utlandsruter tilbake
Utlandstrafikken på flyplassen elles er også for alvor tilbake på nivået før pandemien.

Denne veka startar SAS sitt sommarprogram med nærast daglege avgangar til Københamn, saman med Norwegian sine Allicante-ruter to gongar i veka.

- No er tilbodet tilbake, men vi merkar at passasjerutviklinga so langt ikkje har halde tritt med den auka produksjonen, legg Sjursen til.

Dei siste passasjertala låg 13 prosent under 2019, det siste året før pandemien gjorde sine utslag.

Hub vidare ut i Europa
Representantar frå flyselskap, kommune og Utviklingsforum for Ålesund lufthavn er mellom dei som kjem til markeringa av KLM-ruta til Amsterdam måndag ettermiddag.

Tidlegare lufthamnsjef Tor Hånde er også mellom gjestane. Denne gongen i si nye rolle som sjef for Avinor sine regionale lufthamner.

– Denne utlandsruta er spesiell fordi den hovudsakleg er mynta på næringslivet. Også går den til ein av dei største hubane i Europa, der ein kan reise vidare til resten av verda, seier han om kva ruta har hatt å seie for flyplassen.

Den første flyginga mellom Ålesund og Amsterdam skjedde 4. april 2013 med eit Fokker 70-fly med plass til 72 passasjerer. I dag flyr KLM med Embraer 175 og 190-maskinar.

Morgonavgangen har vore sakna
Hånde stadfestar at morgonavgangane til Amsterdam har vore spesielt sakna hos mange bedrifter:

- Det har vore ein veldig etterspurnad for å få tilbake -avgangen om morgonen. Då kan ein vere ganske tidleg framme, i staden for å reise om ettermiddagen og måtte overnatte, legg han til.

Trur på reiselivsuke
Den tidlegare lufthamnsjefen trur flytrafikken vil kome tilbake på over 2019-nivå, men at det kan ta tid å «hente tilbake» dei siste 10-15 prosentane.

- Dei korte turane for å ta eit møte i Oslo på to timar er borte, og kjem nok aldri igjen. Det er erstatte med Teams, eller andre elektroniske løysingar. Men på andre typar besøksreiser og ikkje minst turisme, vil Norge og vår region vere veldig attraktivt framover, seier han.

Eit behageleg klima og at det er god plass, er fordelar Hånde trekk fram.

- Meir aktivitetsturisme vil også vere eit potensiale for vår region, legg han til.

Publisert: 27.03.2023 14:17

Sist oppdatert: 27.03.2023 20:34

Mer om