Leverer 150 tonn oppdrettstorsk i dag
FLEIRE ANLEGG: Statt Torsk satsar på å ha seks anlegg oppe og gå innan 2023. 
Nytt

Leverer 150 tonn oppdrettstorsk i dag

Trur på kjempevekst og lønnsemd for oppdrett av torsk. No jaktar dei ny kapital.

Marius Rosbach
02.11.2020
Oppdrettarane i Statt Torsk sender måndag ut 150 tonn torsk med brønnbåt til slakting på Averøya, skriv .
Selskapet har adresse i Vanylven, men fisken som no skal leverast til sjømatkjempen Lerøy, kjem frå anlegget på Stokkeneset på Stadlandet.
Dei har stor trur på vekst i torskeoppdrett og no jaktar dei 100 millionar kroner i friske pengar for å investere i infrastruktur.

Trur på superlønnsemd

omtala nyleg planane og målet er ein produksjon på 3000 tonn i 2002 og opp mot 8000 tonn i 2025.
Så langt har satsinga vore eit tapsprosjekt. Statt Torsk er eigd av familien Borgund, og brørne Gustave og Nicolas Brun-Lie, som i 2018 gjekk inn med nye 18 millionar kroner.
– Når vi er i full produksjon om tre år, vil lønnsemda vere veldig god. Vi skal ikkje skryte på oss lønnsemd no, sidan vi framleis er i ein testfase, der vi fokuserer på å hauste erfaring, seier Gustave Brun-Lie til .
Selskapet siktar mot ei omsetning på meir enn 400 millionar kroner i 2023. Dei antydar også ein driftsmargin på meir enn 30 prosent.

Siktar ikkje mot børs

Gustave Brun-Lie meiner tida er inne for torskeoppdrett, etter at mange tidlegare satsingar har gått over ende.
Han peiker på at biologien ikkje var klar for veksten det blei lagt opp til den gong, og at marknaden var overvurdert. No vil dei ta steg for steg, å ha kvalitet som førsteprioritet.
Eit anna torskeoppdrettselskap Norcod blei nyleg notert på Merkur-marknaden til Oslo Børs, men Statt Fisk har ikkje planar om notering.
Vi skal ikkje skryte på oss lønnsemd no, sidan vi framleis er i ein testfase, der vi fokuserer på å hauste erfaring

Publisert: 02.11.2020 10:25

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:51