Leverer verdas stoerste oppdrettskar
LAKS: Marine Harvest sitt oppdrettskar under montering på Mosterhamn. Norpartners har bygt karet i Latvia.
Nytt

Leverer verdas største oppdrettskar

Marine Harvest satsar på eit flytande lukka oppdrettsanlegg på 21.000 kubikkmeter produsert av Herøy-baserte Norpartners.

09.10.2015
- Eg kjenner ikkje til at det finst større kar i bruk til sjøs, seier dagleg leiar Endre Kvalheim i Norpartners.
Karet har ein diameter på 40 meter og ei høgde på 22 meter og er no under montering på Mosterhamn på Bømlo. Deretter skal det setjast ut i sjøen som eit flytande lukka anlegg.
Det er Haugesund-selskapet Aquafarm Equipments som leverer karet, medan Norpartners har bygd elementa i Latvia.
- Vi har bygd liknande kar tidlegare, men ikkje så store, seier Kvalheim.
Norpartners har produksjon i Saldus i Latvia etter at gründer Ivar Gaustad etablerte eit selskap der i 1994.

- Stort potensiale

I fjor overtok Kvalheim som dagleg leiar.
- Eg synst Norpartners er eit svært spennande selskap med eit stort potensiale, seier Kvalheim, som sjølv er frå Måløy.
Han er utdanna sivilingeniør, var ein av gründerane av Easy Form i Måløy, og har mellom anna også arbeidd for den islandske båtbyggjaren Rafnar.
- Eg sa fort ja då eg fekk tilbodet om å overta ansvaret for Norpartners, seier han.

Vindmøller

Selskapet har spesialisert seg på å utvikle og produsere produkt i glasfiber.
- Hittil har vi satsa mest på Norge, men vi prøvar no å kome oss inn i Danmark og resten av EU, mellom anna på levering av deler til vindmøller, seier Kvalheim.
Selskapet er no i ferd med å starte opp en produksjon av turbinhus og spinnarar på vindmøller.
- Her ser vi eit stort potensiale.

Omsetningsvekst

I tillegg leverer ein utstyr til skap- og lastebilar.
- Det dreier seg om både heile skap og mindre deler.
Norpartners eig 100 % av den latviske bedrifta Sia Norplast, samt 53 % av latviske Sia Scanpanel.
I fjor omsette Norpartners for 21,9 millionar kroner.
- Hittil i år har vi passert omsetninga frå i fjor. Vi er no inne i ein vekstperiode, seier Kvalheim.

Satsar vidare i Latvia

Selskapet har berre to tilsette i Norge.
- Om vi veks i Norge, er det innen produktutvikling og engineering av produkt i komposittmateriale.
- Sjølve produksjonen vil framleis vere i Latvia, sidan vi der har internasjonal konkurransekraft, seier Kvalheim.
Eg kjenner ikkje til at det finst større kar i bruk til sjøs

Publisert: 09.10.2015 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47