Amfi Moa fjerde stoerst
VEKST: Amfi Moa-sjef Anne Mari Rødal Kleppe hadde ei auke i inntektene på 14 prosent dei fem siste vekene før julaftan i 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ligg godt an før julehandelen

Amfi Moa med 7,1 prosent vekst hittil i år.

23.10.2025

I dei fem siste vekene før julaftan i fjor auka kjøpesenteret Amfi Moa inntektene med 14 prosent samanlikna med same periode i 2023.

Ved utløpet av førre veka har kjøpesenteret auka inntektene med 7,1 prosent samanlikna med same periode i 2024.

Julehandelen spelar ei stor rolle for dei samla inntektene til heile senteret og er svært viktig for mange av butikkane.

– 25 prosent av butikkane på Moe er 100 prosent avhengige av julehandelen for å greie seg resten av året, seier senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe.

NHO spår vekst
Slår NHO si prognose for julehandlen til vil Kleppe få drahjelp frå juelhandelen også i år.

Kvar nordmann vil i snitt bruke 26.800 kroner på julehandelen i år, trur NHO. Dei reknar med ein auke i julehandelen på fem prosent samanlikna med i fjor.

– Vi får vekst i julehandelen fordi vi har lagt bak oss dyrtida. No lysnar det for forbrukarane, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO i ei pressemelding.

NHO reknar julehandelperioden til å vere i heile november og desember. Amfi Moa reknar den å vere i vekene 48-52.

150 milliardar
NHO Service og Handel anslår at nordmenn vil handle varer for 150 milliardar kroner i november og desember. 

Det er fem prosent meir enn i fjor. For den perioden som NHO brukar i sin prognosen håpar Kleppe at også Amfi Moa oppnår fem prosent vekst.

– Betre kjøpekraft betyr auka forbruk og auka omsetning i varehandelen. Utviklinga i 2025 har vore god, seier Dørum.

– Reallønnsvekst, dei første rentekutta og fleire i arbeid samtidig som arbeidsløysa er låg er drivarar som truleg bidreg til ein god vekst i julehandelen i år, seier administrerande direktør Vegard Einan i NHO Service og Handel.

Dei to siste månadene i år aukar nordmenns kjøp av varer samla med 22 prosent mot ein gjennomsnittleg månad. For enkelte varer som kjøkkenutstyr, leiker og bøker meir enn blir salet dobla i julehandelen.

Black Week viktigare
NHO trur at nordmenn vil leggje igjen 15 milliardar kroner i norske nettbutikkar i løpet av julehandelen. Det er 10 prosent meir enn i 2024.

November utgjer ein stadig større del av den totale julehandelen og ligg no nært opp til desember. I fjor stod november for 49 prosent av julehandelen. Kvar enkelt av oss vil desse månadene i snitt handle mat og drikke, julegåver og andre varer for 26.800 kroner.

– Forbrukarane vil sannsynlegvis også i år starte julehandelen tidleg slik vi har sett dei seinaste åra og vi forventar at Black Week, i år som i fjor, blir viktig for julehandelen til kundane, seier Dørum.

Publisert: 23.10.2025 11:32

Sist oppdatert: 23.10.2025 11:43