I andre kvartal i år fiska Lerøy Havfisk i Ålesund nesten akkurat like mykje som i andre kvartal i fjor, men fekk betre betalt.
Fangsten var ned ein prosent, inntektene opp 48 prosent (sjå tabell), fortel Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten for 2. kvartal.
Årsaka er at reduserte fiskekvotar samanlikna med i fjor har pressa prisen opp. Lerøy Havfisk bremsa også å torskefisket i første kvartal i år, slik at det kunne fiske meir i andre kvartal.
Torsk er det økonomisk viktigaste fiskeslaget for reiarlaget. Samanlikna med i fjor er torskekvoten til Lerøy Havfisk redusert med 32 prosent.
Med sine 10 trålarar er Lerøy Havfisk i Ålesund eitt av dei største fiskebåtreiarlaga i Noreg. Reiarlaget er ein del av forretningsområdet villfisk i Lerøy Seafood Group - konsernet, som også er eitt av Noregs største oppdrettselskap. I tillegg til Lerøy Havfisk omfattar forretningsområdet villfisk også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods. Lerøy Norway Seafoods driv fleire mottak og foredlingsanlegg i Nord-Noreg.
Det store underskotet til Lerøy Seafood Group skuldast mellom anna ei nedskriving på 2,4 milliardar krone av verdien av fisk i sjøen på grunn av det store prisfallet på laks i år.
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Per 2. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 16777 | 14758 |
| Driftresultat | -699 | 2044 |
| Resultat før skatt | -994 | 1794 |
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Villfisksegmentet | 2025 | 2024 |
| Per 1. halvår. I mill. kroner | ||
| Driftsinntekt | 1942 | 1637 |
| Driftsresultat | 296 | 182 |
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Villfisksegmentet | ||
| 2. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1006 | 680 |
| Driftsresultat | 148 | -4 |
Publisert: 20.08.2025 08:39
Sist oppdatert: 12.11.2025 07:10






