Det er det færøyiske fiskebåtreiarlaget P/F Regn som har bestilt båten. P/F Regn er eit selskap i Framherji-gruppen.
Fartøyet skal byggast ved Stadyard på Raudeberg og er planlagt levert sommaren 2028, skriv Sirius Design & Integration i ei pressemelding. Storleiken på designkontrakten i kroner og pris på fartøyet et ikkje opplyst.
Linebåten blir 50,3 meter lang og og får eit fryselastrom med kapasitet på 630 kubikkmeter.
Sirius Design & Integration i Ålesund blei starta i 2021 av dei fire tidligare kollegaene frå Vard, Håvard Sætre, Eirik Haakonsholm, Henning Borgen og Christian Søvik.
Publisert: 12.03.2026 15:31
Sist oppdatert: 12.03.2026 17:15






