Bygg og anlegg byggeplass illustrasjonsfoto marius 11
BYGG OG VAREHANDEL VERST RÅKA: Så langt i år er det opna 23 konkursar i Møre og Romsdal, sju i varehandelen og fem i bygg- og anleggsbransjen. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Lite å hente etter ny bygg-konkurs

14 tilsette råka etter at det vart bom stopp med oppdrag for handverksbedrifta.

Marius Rosbach
05.02.2024

14 tilsette står utan jobb etter at Ulstein-selskapet Pers VVS før helga melde oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Bustyrar Linda Brevik fortel til NETT NO at det ser ut til å vere lite å hente for kreditorar, og at disse mest truleg må sjå krava sine tapt som følgje av konkursen. Dett gjeld også kundar som har bestilt og førehandsbetalt for arbeid som ikkje var levert av selskapet ved konkursopninga.

Gjeld på kring fire millionar
– Bustyrar har måndag morgon abandonert alt av verdiar, då det ikkje ligg nokon nettoverdiar for konkursbuet att i selskapet etter at banken har fått sitt, fortel Brevik.

Det betyr at banken tek over verdiane som er anslått til kring 1,7 millionar, og at det ikkje vil vere verdiar att i buet.

Samla leverandørgjeld og kassakreditt til banken utgjer kring fire millionar kroner, ifølgje bustyraren.

– Dei har merka dyrtida
Pers VVS har halde til i Eiksund og starta som ei røyrleggjarbedrift. Dei siste åra har dei også tilbydd andre handverkstenestar.

Bustyrar fortel at firmaet har hatt stram likviditet over tid. Då oppdragsmengda sanka utover hausten fekk dei vanskeleg med å oppfylle forpliktingane sine.

– Dei har merka dyrtida og at privatfolk sette i gong mindre prosjekt og oppussing av husa sine. Då tørka likviditeten meir og meir inn, fortel Brevik.

NETT NO har vore i kontakt med dagleg leiar Hans Christian Ødegård som ikkje ønsker å bli intervjua. Han gir likevel uttrykk for at det vore bom stopp med oppdrag på nyåret.

La plan for å sikre drifta
Inntektene til selskapet har svinga, men i 2022 og 2021 omsette dei for meir enn 11 millionar kroner. I to av dei tre siste åra har drifta også gått med overskott.

Selskapet har likevel slitt med negativ eigenkapital, noko revisor påpeika i årsmeldinga for 2022. Her blir det også opplyst at det vart laga ein tiltaksplan som skulle forvalte inntektene og redusere kostnadene for å sikre vidare drift.

Slik gjekk det altså ikkje. Første skiftesamling er planlagt i Ålesund den 18. mars.

Meir enn 20 år i bransjen
Pers VVS-selskapet blei registrert i 2007, men firmaet blei starta allereie på slutten av 1990-talet, ifølgje ei reportasje i Vikebladet i 2020.

Då flytta Ulstein-bedrifta tilbake til Eiksund – der det heile starta – etter å ha halde til både i Haddal og Saunesmarka.

Flest konkursar i varehandel
Byggebransjen har vore mellom bransjane som har vore mest råka av konkursar dei siste åra. Det var også situasjonen i fjor.

Så langt i år er det opna 23 konkursar i Møre og Romsdal, og fem har vore i bygg- og anleggsbransjen.

Berre varehandelen er verre råka ein dryg månad inn i året, med sju konkursar. Fire av konkursane har kome i overnatting- og serveringsverksemder.

Publisert: 05.02.2024 11:17

Sist oppdatert: 05.02.2024 16:47

Mer om