Thomas Rystem foto Ogne
SPAREBLUSS: I mars i fjor vart det omlag full stopp for Thomas Ryste, «Kjellen» og dei andre figurane ifjor.
Nytt

Lite å le av i fjor

Komikar Thomas Ryste sette «Kjellen» på sparebluss etter koronaen kom.

17.03.2021

Ryste måtte avlyse det meste då koronaepidemien kom og er sjølv delvis permittert i sitt eige selskap, Ryste Entertainment.

«Kjellen» og dei andre figurane i Ryste sitt univers var klare til nytt show i fjor haust. Om alt hadde gått som normalt ville 2021 blitt eit toppår i økonomisk forstand i Ryste Entertainment sin treårssyklus, der dei største inntektene kjem året etter at eit nytt show er lansert.

I staden blei det meste avlyst.

Skriv nytt
Mykje har skjedd sidan showet Ryste hadde klart for å gå på scena med i fjor haust.

Saman med at Ryste Entertainment feirar 20-årsjubileum i år, gjer det at han til hausten har skrive eit heilt nytt show, «20 år og like forbanna» med planlagt premiere i Ørsta i oktober, turné året etter og avslutning med julebordsesong i Ålesund i 2022.

Showet blir mellom anna første høve for Ryste sin nye figur, countryartist Louis Myklebust frå Fosnavåg, til å kome ut frå kjellarstova til mor si og møte eit stort publikum.

Artikkelen held fram under

Ryste Entertainment as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter0,92,1
Driftsresultat0,02-0,5
Resultat før skatt0,03-0,5

Aktiv på sosiale medier
Bookingaktiviteten har først i det siste kome i gang igjen, seier Ryste, som framleis tek atterhald om nye negative overraskingar på grunn av epidemien.

Han har oppretthalde aktiviteten på sosiale medier gjennom koronakrisa, men sjølv om figurane hans er populære på nettet er han lang frå stor nok til at det gir inntekter å snakke om.

Publisert: 17.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 17.03.2021 06:57

Mer om