Peggy Hessen Følsvik foto Erlend Angelo LO 11
REAGERER: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik reagerer på lønnsutviklinga. Foto: Erlend Angelo/LO
Nytt

LO-leiaren: – Umoralsk og provoserande

Reagerer sterk på kraftig lønnsvekst for toppleiarar.

21.02.2023
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Medan nordmenn med gjennomsnittslønn tapte 1 prosent av kjøpekrafta si i fjor, fekk fleire toppleiarar reallønnsvekst. – Provoserande, meiner LO-leiaren.

– Det er umoralsk og provoserande, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NRK.

I Politisk Kvarter kommenterte ho tysdag morgon ferske tal som viser at toppleiarane i oljebransjen auka lønna si med 21,3 prosent i fjor. Årsaka er i stor grad store bonusutbetalingar.

– Det er provoserande for alle dei som har opplevd at det er vanskeleg å komme seg gjennom kvardagen og betale rekningane sine, anten det er mat eller straum – å sitje og sjå på at enkelte dreg av garde med lønnstillegg i den storleiken, seier Følsvik.

Ferske tal frå beregningsutvalget
Bakgrunnen for utsegnene er den førebelse rapporten frå Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene (TBU), som kom måndag.

Utvalet kjem med «fasiten» på kor mykje ulike yrkesgrupper hadde i lønnsvekst i fjor.

For lønnstakarar samla sett auka den gjennomsnittlege årslønna med 4,4 prosent i fjor. Samtidig enda prisveksten på 5,8 prosent i 2022. Det betyr at kjøpekrafta fall med 1 prosent etter skatt for gjennomsnittslønna.

Fleire toppleiarar drog frå
Dei aller fleste yrkesgruppene fekk reallønnsnedgang.

Men fleire toppleiarar drog frå – og hadde ei sterkare lønnsutvikling enn den kraftige prisveksten.

– Gjennomsnittleg lønnsvekst eksklusive opsjons- og naturalytingar frå november 2021 til november 2022 var 6,9 prosent for administrerande direktørar i privat sektor i alt, 9,6 prosent i industrien, og 4,4 prosent for toppleiarar og administrerande direktørar i offentleg forvaltning, skriv TBU.

– Har forsynt seg kraftig
LO-leiaren meiner utviklinga er beklageleg.

– Dei som har lite, har fått det tøffast gjennom året som har gått. Og så er det nokon som har forsynt seg med kraftig mykje meir enn andre. Det er toppleiarane i dei store selskapa våre og i finansnæringa, seier Følsvik.

LO-leiaren varslar at ho kjem til å vere tydeleg om saka overfor NHO i lønnsoppgjeret. Ho seier samtidig at spesielt kommunalt tilsette bør få høgare lønnsvekst enn andre i år, men vil førebels ikkje peike på enkelte yrkesgrupper i kommunal sektor.

Tysdag klokka 10 møtest LOs representantskap for å bestemme seg for forhandlingsposisjonen sin og endelege krav til tariffoppgjeret i år.

(©NPK)

Publisert: 21.02.2023 10:16

Sist oppdatert: 21.02.2023 10:27

Mer om