Localhost kjoeper Floroe selskap
ETABLERT I FLORØ: Localhost-sjef Sindre H. Kvalheim og dagleg leiar Nils Magnus Eliassen i Itago i Florø, som no er ein del av Localhost. Itago er eigd av tre av dei tilsette, som starta selskapet i 2017.
Nytt

Localhost kjøper Florø-selskap

It-selskapet Localhost kjøper Itago. Skal meir enn doble talet på tilsette i Florø.

03.01.2020
Localhost er på jakt etter lokale med plass til 10-12 arbeidsplassar i Florø. I dag har Itago i Florø, som no blir ein del av Localhost, fire tilsette og den femte på veg. Eitt av poenga med å etablere seg i Florø er nettopp å lette rekrutteringa til selskapet, seier Localhost-sjef Sindre Kvalheim til NETT NO. Dette kjem på toppen av dei rundt 30 tilsette i selskapet i dag.
I tillegg til kjøpet av Itago opprettheld Localhost satsinga på utvikling, med fire utviklarar i Måløy.
Satsinga vil påverke resultatet, men er ei bevisst satsing frå styre og eigarar, skriv Kvalheim i ei pressemelding. Prisen for oppkjøpet i Florø vil han ikkje ut med, men seier at det er eit kjøp der Localhost kjøper ut dei tre eigarane som grunnla Itago i 2017.

Etablert på Nordfjordeid

Localhost levere alt frå driftsstøtte for lokale serverar og arbeidsstasjonar, til å drive og ha ansvar for heile it-system hos bedrifter. Dei siste åra ha Localhost og satsa på å utvikle eit system som gjer at ulike it-system i ei bedrift kan snakke saman. Systemet er retta spesielt mot industribedrifter og gjer det også mogleg å samle inn, bearbeide og analysere data som blir registrert i dei ulike systema.

I 2010 kjøpte Localhost Adcom på Nordfjordeid og etablerte seg der. Den same modellen blir brukt i Florø. Dette er den største satsinga til selskapet sidan starten i 2007, og den første satsing i Florø gjort av eit Måløyselskap etter at Vågsøy og Flora gjekk saman til Kinn kommune seier selskapet i pressemeldinga.
I tillegg til kontor i Florø, Måløy har Localhost og tilsette i Sverige og Vestnes.

90 tilsette i teknologibedrifter

Localhost er eigd av selskapet Localhost Holding, som og eig data- og forbrukarelektronikkforhandlaren Net Partner i Måløy og er medeigar i videokonferanseteknologiselskapet Videonor.
Localhost Holding er også største eigar i Norwegian Datacenter Group, som eig ein tredjepart av aksjane i datalageringsenteret Lefdal Mine Datacenter. Lefdal Mine Datacenter opna anlegget sitt i den nedlagte olivingruva i Nordfjord i 2017. Localhost Holding eig også 3,33 prosent i Lefdal Mine Datacenter direkte.

Kvalheim anslår at det er skapt rundt 90 teknologiarbeidsplassar i selskap i Localhost-sfæren.
Gunnar og Evelyn Carlson og Svein og Kristian Skibenes eig saman 23,33 prosent av aksjane i Localhost Holding gjennom selskapet Måløy Eiendomsutvikling, Egil Sverre Skibnes eig 15 prosent, Sindre Kvalheim 14 prosent og Coast Seafood-selskapet Coast Invest eig 13 prosent.

Publisert: 03.01.2020 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48