Lokalmat boom opnar doerer
VEKST: Salet av varer frå lokale og mindre produsentar veks raskare enn den generelle daglegvarehandelen. Det har fått kjedene til å satse, og det opnar nye dører for aktørar som Silje Lee Knutsen og Storfjord Iskrem. 
Nytt

Lokalmat-boom opnar dører

Etter to sesongar er ismakar Silje Lee Knutsen klar for ein større marknad. 

27.12.2019

Den første geitemjølkbasert isen frå Storfjord Iskrem blei lansert i våren 2018 og har vore å finne på restaurantar, hotell og spesialbutikkar på Nordvestlandet.

Går alt som Lee Knutsen håpar, har ho ein avtale med grossistselskapet Asko på plass til neste sommar.

Asko distribuerer til Norgesgruppen sine butikkar, som samla sett er den største daglegvarehandelaktøren i Noreg. Asko har ei eiga distribusjonsordning retta spesielt mot mindre aktørar som Storfjord Iskrem, og innpass der kan opne vegen inn i butikkane i Møre og Romsdal.

I dag er det full drift i ismakeriet i Stordal berre i sommarsesongen. Målet er å kunne drive for fullt på heilårsbasis, i første omgang med ein tilsett i tillegg til henne sjølv.


Lokalmat populært

Mindre produsentar med lokal identitet er populære, og alle dei tre store aktørane i daglegvarehandelen, Norgesgruppen, Coop og Rema, har sine eigne lokalmatsatsingar.

Det opnar dører for aktørar som Silje Lee Knutsen og Storfjord Iskrem.

Mat og drikkevarer som først og fremst blir seld i eit avgrensa geografisk område og blir laga av mindre produsentar, veks meir enn daglegvaremarknaden generelt, og kom i fjor opp i fem milliardar kroner, i følgje vurderinga til stiftinga Matmerk.

For Norgesgruppens del auka salet av lokalmat i 2018 med 5,2 prosent, medan den generelle veksten var 3,0 prosent.

Jaktar eige utsal

Dirk Walter Werner Kiefer i iskremprodusenten Lamella i Ålesund kom ut i marknaden med sin første is i 2016.

Kokken, som mellom anna var med på å starte Lyspunktet Cafe i Ålesund, utdanna seg som ismakar i Italia i 2015.

Han har pakka vekk isvogna som sto på Kiperviktorget i Ålesund og er på jakt etter eit fast lokale for ein isbar/-utsal i Ålesund sentrum.

Lamella har fått innpass i ein del butikkar og restaurantar i Ålesund og selde for neste 900.000 kroner i fjor, men det er ein eigen isbar/-utsal som vil vere det beste grunnlaget for vekst for selskapet, meiner Kiefer.

Publisert: 27.12.2019 05:58

Sist oppdatert: 06.09.2021 11:19

Mer om