Stig Brautaset Jan Frode Janson Sparebank1 Søre Sunnmøre Sparebank1 S Mn samanslåing foto Ogne
SKAL DELE UT MILLIONAR: Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset (t.v.) og Sparebank1 SMN-sjef Jan-Frode Janson har som mål om at generalforsmlingane i bankane i november seier ja til ei samanslåing. I dag orientert dei tilsette, presse, kundar og politikarar om samanslåingsplanane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lovar kraftig auke i gåvemidlar

Banksamanslåing betyr utdeling av titals millionar kroner ekstra til samfunnsnyttige formål på søre Sunnmøre.

20.06.2022

Dei siste åra har Sparebank1 Søre Sunnmøre delt ut 15 millionar kroner i gåve til såkalla samfunnsnyttige formål.

Konsekvensen av ei samanslåing med Sparebank1 SMN blir i alle fall ei dobling av årlege gåveutbetalingar, sa Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset på ein pressekonferansen i Volda i dag.

Det anslaget vart kjapt korrigert av Sparebank1 SMN-sjef Jan-Frode Janson, som også deltok på pressekonferansen.

- Eg synest du var frykteleg beskjeden, sa Janson om anslaget.

Eiga stifting
Dei to sparebankane er begge delvis sjølveigde, som sparebankane opphavleg var, og delvis eigd av investorar. Investorane eig såkalla eigenkapitalbevis, eit verdipapir som fungere som aksjar. Eigenkapitalbevisa i Sparebank1 SMN er børsnoterte.

I Sparebank1 Søre Sunnmøre er 90 prosent av banken sjølveigd, og verdien av det eigarskapet blir lagt inn i ei stifting som blir største einskildeigar av eigenkapitalbevis i Sparebank1 SMN. (I Sparebank1 SMN er den sjølveigde andelen 34 prosent).

Søre Sunnmøre
Sparebankstiftinga for Søre Sunnmøre skal får eige styre og leiing, med adresse i Volda, der hovudkontoret for Sparebank1 Søre Sunnmøre ligg.

Det er denne stiftinga som skal stå for utdeling av gåvemidlar i Sparebrank1 Søre Sunnmøre sitt område, som er kommunane på søre Sunnmøre.

Meir til bedriftene
Sparebank1 Søre Sunnmøre har hatt ein fallande trend i utlån til næringslivet. 15 prosent av utlåna er i dag til bedriftsmarknaden.

Ei eventuell samanslåing vil både gjere det råd - og føre til større utlån til næringslivet, ifølgje Brautaset.

Stordriftsfordelar
Brautaset understreka på pressekonferansen at Sparebank1 Søre Sunnmøre ikkje var i ein situasjon der den måtte slå seg saman.

Når eit samrøystes styre likevel har sagt ja til ein intensjonsavtale skuldast det mellom anna ei utvikling der regelverket gjer at større bankar kan få billegare finansiering.

Aukar i Sogn og Fjordane
Samanslåinga skal mellom anna styrke banken si satsing i Fjordane, som banken definerer Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden.

Både nVest og Sparebanken Sogn og Fjordan skal får merke at det kjem ein ny sterk aktør inn i marknaden, sa Brautaset på pressekonferansen.

Sparebank1 Søre Sunnmøre er i ferd med å tilsette folk til eit kontor i Stryn, og Sparebank1 SMN har allereie kontor i Førde.

Den samanslåtte banken vil ha 1621 tilsette fordelt på over 50 kontor, med Førde som det sørlegaste.

Publisert: 20.06.2022 11:23

Sist oppdatert: 20.06.2022 11:50

Mer om