Lovar meir aktiv naeringspolitikk
MEIR SYNLEG: Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og varaordførar Vebjørn Krogsæther (Sp) i nye Ålesund kommune. Saman med koalisjonspartnarane lover dei ein aktiv næringspolitikk. 
Nytt

Lovar meir aktiv næringspolitikk

Næringslivet skal sitte i førarsetet når nye Ålesund kommune lagar strategisk næringsplan lovar fleirtalskoalisjonen i bystyret.

22.10.2019
Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti, Miljøpartiet de grønne, SV og Venstre har tilsaman 39 av 77 plassar i kommunestyret.
I dag la dei fram sin felles politiske plattform for dei neste fire åra.
Den lover mellom anna ein meir aktiv næringspolitikk, der kommune skal bruke innkjøp som eit middel for å bidra til utvikling og innovasjon i næringslivet.

Meir synleg

I eit intervju med NETT NO rett etter valet i september inviterte ordførarparet i nye Ålesund kommune næringlivet til å ta initiativ i utforminga av politikken.

No lovar dei at ordførar og rådmann skal bli meir synleg i næringspolitikken og der næringslivet møtes.
I den den politiske plattformen til fleirtalskoalisjonene blir det lova at næringslivet skal få legge premissane i utforminga av ein strategisk næringplan i den nye storkommunen som omfattar Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund.
"Det skal lagast ein strategisk næringsplan i samarbeid med næringslivet sjølv, som legg føringar for dette arbeidet.", heiter det i planen.
Planen skal omfatte alt næringsliv, også landbruk, oppdrett og all anna næring på og i havet.

Aktiv politikk

Vinje Aurdal vedgjekk i intervjuet i september at næringsstrategi har vore ei mangelvare i Ålesund, men sa at det vil endre seg no.
Målet er mellom anna å styrke Ålesund som eit nasjonalt tygdepunkt for bransjar og bedrifter retta mot havet.
– Vi går inn i eit meir tydeleg partnarskap med næringslivet for å skape gode lokalsamfunn. Når vi er sopass ambisiøse at vi går ut og seier at vi skal skape eit Ålesund som skal vekke nasjonal interesse, så gjer vi det på vegne av oss sjølv, men også næringslivet, sa ho.

Publisert: 22.10.2019 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42