Lovar storsatsing på yrkesfag
Ap lovar 200 nye fagskuleplassar i Møre og Romsdal. Per Vidar Kjølmoen rosar Havila si lærlingsatsing, og vil ha reiselivslinje til Herøy.
- Modellen til Havila bør gjennomførast over heile landet. Dette er framtida for yrkesfaga.
Dette seier fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen etter eit besøk på Herøy vidaregåande skule onsdag.
Kjølmoen er også førstekandidat for Arbeiderpartiet til Stortingsvalet, og besøket var ein del av Arbeiderpartiet si valkampopning i fylket.
Garanterer åtte reiselivslærlingar
Han fekk presentert planane Havila-systemet har på satsing på lærlingar, der Havila har gått ut og garantert å ta imot åtte lærlingar årleg dersom det vert oppretta ei eiga fireårig YSK-linje for reiseliv ved skulen.
- Ja, dette er noko vi kan garantere for lang tid framover, seier Njål Sævik i Havila.
Han opplyste at berre for Havila Kystruten er det behov for mellom 25 og 30 lærlingar innanfor kokkefag, servitørfag, reinhald og hotellfag.
- I tillegg treng vi rundt 30 lærlingar årleg innanfor maritime fag, totalt rundt 60 lærlingar.
Kutta ikkje lærlingar
Njål Sævik er også adm. dir. for Havila Shipping.
- Her har vi årleg behov for rundt 15 lærlingar.
- Under nedgangstidene i offshore, har vi ikkje kutta ei einaste lærlingstilling.
Modellen til Havila bør gjennomførast over heile landet
Lovar fleire fagskuleplassar
Under møtet kom Kjølmoen med tre konkrete løfter dersom Arbeiderpartiet kom i posisjon etter valet.
- Vi kan love 50 millionar kroner meir til yrkesfaga i Møre og Romsdal i løpet av perioden.
- I tillegg lovar vi 200 nye fagskuleplassar i Møre og Romsdal og lærlinggaranti for alle ungdomar som tek yrkesfagleg utanning.
Klarert sentralt
Kjølmoen opplyser at lovnadene er klarert med Arbeiderpartiet sentralt.
- Dette gjeld Møre og Romsdal og skal gjennomførast.
Njål Sævik likte satsinga.
- Det er på tide at vi får gjenreist yrkesstoltheita.
- Alle kan ikkje verte siviløkonomar eller professorar i dette landet. Vi treng utdanna fagarbeidarar, sa Sævik.
Alle kan ikkje verte siviløkonomar eller professorar i dette landet
Stinn brakke
Rektor Ester Sørdal Klungre ved Herøy vg skule opplyste at det kan takast inn 12 elevar årleg på ei YSK-linje i reiseliv ved skulen dersom fylket seier ja til ei slik satsing.
- Vi har i dag over 300 elevar, inkludert vaksenopplæringa, og her er stinn brakke, også i alle brakkene.
Ho meinte at det var behov for god marknadsføring av reiselivslinje.
- Vi har hittil hatt eit strålande samarbeid med næringslivet om dei ulike linjene, og det skal vi halde fram med.
Reiselivsoptimisme
På møtet stilte også Herøy-ordførar Bjørn Prytz, leiar Svein Gjelseth i Herøy Ap og Merethe Hjertø Flusund og Hilde Gråberg Bakke frå havlandet, eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Herøy næringsforum.
Alle uttrykte stor optimisme rundt reiselivssatsingane lokalt, og behovet for å ha ei yrkesfagleg opplæring ved Herøy vg skule som var tilpassa næringslivet sine behov.
Havila Holding er deleigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 11.08.2021 12:43
Sist oppdatert: 11.08.2021 23:57