Lusemiddel ikkje bra for taren
TARE: Tørking av tare i regi av Tango Seaweed. Ny forsking viser at lusemiddel er skadeleg for sukkertare.
Nytt

Lusemiddel ikkje bra for taren

Sukkertare kan ta skade av små konsentrasjonar av lusemiddelet hydrogenperoksid, går det fram av laboratorieforsøk.

17.01.2019
NPK: – Ein behandlingsdose tilsvarande den som blir tilsett rett i ei fiskemerd, var dødeleg for unge sukkertare-plantar, fortel doktorgradsstipendiat Barbro Taraldset Haugland ved til instituttet sine nettsider.
– I sjøen er dosen tynna ut om han når taren, men resultata kan likevel vere viktige å tenkje på når det gjeld kva tid, kor og korleis ein avlusar med hydrogenperoksid.

Gjekk i oppløysing

Haugland utsette ung sukkertare for ein behandlingsdose hydrogenperoksid på 1.700 milligram per liter vatn i éin time. 7–8 timar etter eksponeringa mista taren konsekvent all farge. Over dei neste dagane gjekk han i oppløysing.
– Konsentrasjonen i behandlingsdosar som oppdrettsnæringa brukar, kan variere frå 1.300–2.300 milligram per liter vatn i merden, avhengig av blant anna sjøtemperatur, seier Haugland.
I labforsøka var 1.700 milligram per liter vatn dødeleg. På 17 milligram, overlevde all taren. På 85 milligram, eller fem prosent, døydde over halvparten av taren.
Forskinga til Haugland er no publisert i Aquaculture Environment Interactions.

Publisert: 17.01.2019 16:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30