- Det har vore ein del interesserte aktørar og sett på skipa, men så langt har det ikkje vorte nokon handel, seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping.
Dei tre PSV-ane ligg på Moltu i Herøy, med direkte utsikt frå hovudkontoret til Havila Shipping på Mjølstadneset.
- Desse skipa skal ikkje i arbeid igjen for oss, så vi håper at det snart dukkar opp aktørar som ser nytten av skipa, og som betalar ein akseptabel pris, seier Sævik.
opplyser at bruken av supplyskip i Nordsjøen har auka utover året, og viser til analyse frå Clarkson Platou.
Frå januar til august har gjennomsnittleg supply-utnytting auka frå 52,93 prosent til 65,23 prosent. Samstundes har tilbodet av skip gått frå 270 til 260 skip, medan etterspørselen har auka frå 143 til 170 skip.
- Hittil i tredje kvartal har ratene heller ikkje vore så dårlege. Vi får håpe det varer ved, seier han.
Også for ankerhandterarar har etterspørselen gått opp frå 17 til 34 skip, medan tilbodet også har auka litt, frå 85 til 91 skip.
Sævik seier at det er større svingningar for ankerhandterarar enn for PSV-ar.
To av fem ankerhandterarar ligg i opplag. Havila Venus og Havila Jupiter ligg i Bergen og ventar på nye oppdrag, medan Havila Mercury er på veg sørover kysten på veg til nytt oppdrag.
- Sjølv om det finst litt lysning, er det ingen grunn til å snakke om friskmelding. Det er framleis ein krevjande marknad, og vi forventar at det vil vere det også ei god stund vidare framover, seier Sævik.
Dei tre PSV-ane ligg på Moltu i Herøy, med direkte utsikt frå hovudkontoret til Havila Shipping på Mjølstadneset.
- Desse skipa skal ikkje i arbeid igjen for oss, så vi håper at det snart dukkar opp aktørar som ser nytten av skipa, og som betalar ein akseptabel pris, seier Sævik.
opplyser at bruken av supplyskip i Nordsjøen har auka utover året, og viser til analyse frå Clarkson Platou.
Frå januar til august har gjennomsnittleg supply-utnytting auka frå 52,93 prosent til 65,23 prosent. Samstundes har tilbodet av skip gått frå 270 til 260 skip, medan etterspørselen har auka frå 143 til 170 skip.
Meir aktivitet
Njål Sævik seier at det er meir aktivitet i Nordsjøen.- Hittil i tredje kvartal har ratene heller ikkje vore så dårlege. Vi får håpe det varer ved, seier han.
Også for ankerhandterarar har etterspørselen gått opp frå 17 til 34 skip, medan tilbodet også har auka litt, frå 85 til 91 skip.
Sævik seier at det er større svingningar for ankerhandterarar enn for PSV-ar.
- Det var bra ein periode, meno no er det på nytt ei litt tung periode.
- Ingen friskmelding
Havila Shipping har fjorten PSV-ar, der tre ligg i opplag.To av fem ankerhandterarar ligg i opplag. Havila Venus og Havila Jupiter ligg i Bergen og ventar på nye oppdrag, medan Havila Mercury er på veg sørover kysten på veg til nytt oppdrag.
- Sjølv om det finst litt lysning, er det ingen grunn til å snakke om friskmelding. Det er framleis ein krevjande marknad, og vi forventar at det vil vere det også ei god stund vidare framover, seier Sævik.
Sjølv om det finst litt lysning, er det ingen grunn til å snakke om friskmelding
Publisert: 06.09.2017 11:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13