Phillipp Schramm ceo Hexagon Composites foto Hexagon Composites
SER LYSET: Dagleg leier Phillip Schramm i Hexagon Composites er gradvis betring for selskapet etter eit tøft fjorår. Foto: Hexagon Composites
Nytt

Lyspunkt for Hexagon Composites

Forsiktig optimist etter kriseår.

Marius Rosbach
12.02.2026

Hexagon Composites-sjef Philipp Schramm er forsiktig optimist med tanke på 2026. Det opplyser han samtidig som selskapet torsdag morgon legg fram tal for 4. kvartal i fjor. 

«Etter å ha brukt mesteparten av 2025 på å navigere i en enestående nedgang i bransjen, leverte vi sekvensiell omsetningsvekst og forbedret lønnsomhet i fjerde kvartal», fortel Schramm. 

Investorane reagerte med å sende aksjekursen opp frå start torsdag. Ein liten halvtime inn i handelen var kursen opp kring 3,5 prosent til 8,70 kroner aksjen. 

Betring i siste kvartal
Driftsinntektene for året enda i underkant av tre milliardar – ein kraftig nedgang frå nær fem milliardar året før. Resultat før skatt enda på 1,2 milliardar i minus, også det ei betydeleg forverring frå året før. 

For 4. kvartal blei inntektene om lag halvert samanlikna med same kvartal i 2024. Etter å ha levert minusresultat tidlegare i 2025, enda 4. kvartal med eit overskott på nær 50 millionar kroner.

saka held fram under

Hexagon Composites ASA  
Pr. 4. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt2955,24877,2
Driftsresultat-149,7370,1
Resultat før skatt-1232,1-906,1
   
Hexagon Composites ASA  
4. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt831,41532,9
Driftsresultat49,8179,9
Resultat før skatt-147,6-689,7

Ventar gradvis betring
Schramm venter framleis effekt av usikkerheita i marknaden, er han oppmuntra av å sjå det han omtalar som ei gradvis stabilisering i kjernemarknaden, saman med ein positiv effekt av kostnadstiltak. 

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur og biogass som energikjelde. Hovudkontoret ligg i Ålesund, men hovudmarknaden er i Nord-Amerika, der også produksjonen skjer. 

Det er spesielt marknaden for store mobile gasstankar som har svikta det siste året. Det er tankar som blir brukt til energiforsyning i industri og anlegg.

I 2026 ventar selskapet eit roleg første halvår med gradvis betring i andre halvår, blir det opplyst i børsmeldinga

Trur på større bestillingar
Tidleg torsdag kunne selskapet også opplyse om ein ny kontrakt for dotterselskapet Hexagon Agility for høgtrykksbeholderar for bruk i luftfarten til ein verdi av 70 millionar kroner. 

Kunden er eit kommersielt flyselskap som ikkje blir namngitt, i børsmeldinga

Vidare i 2026 ventar Hexagon Composites at planar om fleire større bestillingar, vil materialisere seg til konkrete ordrar. 

Resultat etter 3. kvartal 2025: 

Publisert: 12.02.2026 09:16

Sist oppdatert: 12.02.2026 09:45

Mer om