Phillipp Schramm ceo Hexagon Composites foto Hexagon Composites
PERFEKT STORM: Dagleg leier Phillip Schramm i Hexagon Composites skildrar situausjonen for selskapet som ein "perfekt storm". Foto: Hexagon Composites
Nytt

Milliardminus for Hexagon Composites

Meir enn halvering av inntektene i 3. kvartal. Kuttar kostnadar.

06.11.2025

Kostnadskutt betyr mellom anna færre tilsette, og ved utgangen av 3. kvartal 2025 har Hexagon Composites kutta lønskostnadane med 190 millionar kroner på årsbasis.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur og biogass som energikjelde. Hovudkontoret ligg i Ålesund, men hovudmarknaden er i Nord-Amerika, der også produksjonen foregår. Selskapet eig og 34,6 prosent av aksjanen i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.

Hittil i år har selskapet eit resultat før skatt på over ein milliard kroner (sjå tabell) og 1,2 milliardar kroner mindre i inntekt enn i same perioder i fjor.

Perfekt storm 
"2025 har vist seg å vere eit utfordrande år for verksemda vår. Stadig endringar i  handels- og tollpolitikk, høge kapitalkostnader og ein syklisk nedgang i våre viktigaste segment skaper ein nedgang som er unik og utan sidestykke – ein slags "perfekt storm" – i våre nøkkelmarknadar", skriv dagleg leiar Phillip Schramm i Hexagon Composites i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2025.

Les børsmelding her

Det er spesielt marknaden for store mobile gasstankar som har svikta. Dette er tankar som blir brukt til energiforsyning i industri og anlegg.

I årets ni første månadar i 2024 selde Hexagon Purus slike anlegg for 1,5 milliardar kroner. Hittil i år er salet 581 millionar. I tredje kvartal åleine fall salet til 93 millionar kroner, mot 520 millionar.

For tankar og system til bruk i bussar, lasterbilar og større transportmiddel er salet så langt i år redusert frå 1,5 til 1,3 milliardar kroner.

Hexagon Composites ASA  
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt2123,73344,2
Driftsresultat-199,5290,2
Resultat før skatt-1084,6-216,4
   
Hexagon Composites ASA  
3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt537,71250,1
Driftsresultat-119,9113,4
Resultat før skatt-290,056,1

Stor aksjonær
Hittil i år har aksjekursen til Hexagon Composites falle 80,7 prosent.

Tre av Flakk-familiens sine selskap; Flakk Composites, KTF Finans og Flakk Gruppen, eig tilsaman 8,68 prosent av Hexagon Composites. Til saman er familien nest største eigar i selskapet. Knut Flakk er styreleiar i selskapet. 

Med dagens kurs - 8,79 kroner aksjen før børsopning- er familien sine aksjar verdt 193 milliionar kroner og heile selskapet 2,2 milliardar kroner. 

Publisert: 06.11.2025 07:49

Sist oppdatert: 06.11.2025 08:34

Mer om