Mowi Eggesbønes laks jann flatval
Arkivfoto: Jann Flatval
Nytt

Lågaste volum sidan 2007 for sjømateksporten

Verdiveksten kjem utelukkande av valutaeffekt.

04.05.2023

(NPK-NTB): Noreg eksporterte sjømat for 12,9 milliardar kroner i april, ein auke på 1,6 milliardar kroner frå i fjor. Men i volum var salet på det lågaste sidan 2007.

– For sjømatnasjonen Noreg er det positivt at verdien av eksportprodukta held fram med å auke, men veksten i april kjem utelukkande av ein valutaeffekt. Målt i euro fall eksportverdien over 5 prosent og i dollar 3,7 prosent, seier administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer i ei pressemelding.

I april i år eksporterte Noreg sjømat for 12,9 milliardar kroner. Auken er på 1,6 milliardar kroner, eller 14 prosent.

Chramer seier det er ei svak norsk krone som dreg verdien på eksporten opp.

Lågast sidan 2007
– Den nedgåande trenden med volumfall heldt også fram i april.

I månaden som var vart det eksportert 160.000 tonn norsk sjømat ut i verda. Talet svarer likevel til det lågaste eksportvolumet i ein aprilmånad sidan 2007. Den gong vart det eksportert 125.000 tonn.

– Den nedgåande trenden gjaldt mellom anna aure, kolmule og fleire kvitfiskartar, medan volumet for laks står på staden kvil samanlikna med same månad i fjor, forklarer Chramer.

I april utgjorde eksporten frå havbrukssektoren, slik som laks og aure, 78 prosent av den totale verdien. Berre ein gong tidlegare har denne andelen vore høgare. Det var i august 2016.

Sterk vekst for reker
– Ukraina har over mange år vore ein stor konsummarknad for frosne skalreker, og sjølv om landet er prega av krig og uro, er det likevel behov for sunne og lettvinte protein som reker.

Ukrainsk import førte til ein god eksportmånad for reker, både volum- og verdimessig. Noreg eksporterte 978 tonn reker til ein verdi av 80 millionar kroner i april, og verdien auka med 19 millionar kroner. Det svarer til 32 prosent i fjor.

Verdivekst til USA og Kina
Danmark, USA og Kina var dei tre marknadene som hadde størst verdivekst i april. Ifølgje Chramer er ein auka verdi på laks fellesnemnaren for dei begge.

– Medan Danmark er ein stort foredlings- og transittmarknad, er det konsumet som gir vekst i USA og Kina. Til USA ser vi at norsk laks får god draghjelp av redusert tilførsel frå andre produsentland. I Kina aukar konsumet sterkt etter gjenopninga av samfunnet, noko som norsk laks nyt godt av, seier Chramer.

(©NPK)

Publisert: 04.05.2023 08:29

Sist oppdatert: 04.05.2023 08:29

Mer om