Trond Teigene foto Sparebanken Sogn og Fjordane
AVVENTANDE: Bedriftkundane til Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene er blitt mindre ivrige etter å ta opp lån. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Lånebrems i næringslivet

Bedriftene i Sogn og Fjordane låner mindre.

06.05.2022

Hittil i år er utlån til bedriftskundar frå Sparebanken Sogn og Fjordane redusert, ned 1,2 prosent, samanlikna med same periode i 2021, viser kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Også frå 2020 til 2021 fall veksttakten i utlån til næringslivet.

I 2020 auka Sparebanken Sogn og Fjordane utlåna til bedriftskundar med 9,1 prosent. I 2021 blei utlånsveksten til bedriftskundar krympa til 0,8 prosent.

Les børsmelding her

Ned i Sparebanken Møre
Også Sparebanken Møre hadde ein reduksjon utlånsvekst til bedriftsmarknaden i år.

Trass i reduksjonen i utlån til næringslivet er Sparebanken Sogn og Fjordane ikkje uroa over utviklinga i næringslivet, tvert i mot:

"Næringslivet i Sogn og Fjordane går bra og banken sin kredittrisiko på bedriftsmarknaden vert vurdert som moderat. Kostnadsauke og tilgang på viktige innsatsfaktorar gir likevel utfordringar for enkelte næringar/kundar. Betalingsmisleghaldet over 90 dagar for bedriftsmarknaden er redusert dei siste 12 månadene", skriv banken i kvartalsrapporten.

Sparebanken Sogn og Fjordane
1. kvartal. I mill. kroner20222021
Inntekter320279
Resultat før tap203150
Resultat før skatt186159

Publisert: 06.05.2022 08:32

Sist oppdatert: 06.05.2022 10:36

Mer om