Mindre vekst i utlån
Utlånsveksten blei redusert i første kvartal for Sparebanken Møre.
Ved utgangen av første kvartal i år hadde Sparebanken Møre sine utlån til bedriftskundar auka med 3,8 prosent i siste 12-månadars periode. Ved utgangen av 4. kvartal i fjor var utlånsveksten til næringslivet 5,4 prosent i siste 12-månadarsperiode.
Tala for utlån til privakundar er 4,1 prosent vekst i siste 12-månadarperiode ved utgangen av 1. kvartal i år og 4,3 prosent ved utgangen av 4. kvartal 2021.
Klokka 08:00 i dag blir 1. kvartalstala presentert. Sjå presentasjonen direkte, eller i opptak her.
Krig og prisauke
Den fallande veksttakta i utlån er noko som også skjer på landsbasis. I kvartalsrapporten for 1. kvartal 2021 skriv banken at krigen mellom Ukraina og Russland gjer at utsiktene for vekst i internasjonal økonomi er svekt.
Prisstiging reduserer kjøpekrafta til hushaldningane og aukar kostnadane for bedriftene
Aktivitetsnivået i regionen er høgt, skriv banken i rapporten.
Etter at dei hardaste smitteverntiltaka blei letta på, og fram til at dei er fjerna heilt, har det gradivs blitt fleire og fleire i arbeid.
I Møre og Romsdal er arbeidsløysa på 1,8 prosent heilt ledige, under landsgjennomsnittet.
Børsvinnar i fjor
I løpet av 2021 steig kursen på eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre frå 59,20 til 88,80 kroner per eigenkapitalbevis.
Kursauken held fram til 26. januar i år. Då var kursen 97,80 kroner. Før børsen opnar i dag er kursen 87,50 kroner.
Sparebanken Møre | ||
1.kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Inntekter | 387 | 387 |
Resultat før tap | 209 | 232 |
Resultat før skatt | 209 | 218 |
Publisert: 28.04.2022 07:17
Sist oppdatert: 28.04.2022 09:13