Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
GOD MELDING: Dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i Statt Torsk kunne tysdag sende ut ein melding investorane likte. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Løft på nye lisensar

Statt Torsk børsvinnar etter ny tillatelse på Nordvestlandet.

08.11.2022

Torskeoppdrettselskapet Statt Torsk er tildelt ny lokalitet med fire lisensar for produksjon av torsk på Apalset i Stad kommune, ifølgje ei børsmelding tysdag.

I dei fire lisensane kan Statt Torsk ha inntil 3120 tonn torsk i merdene.

Medrekna dei fire nye lisensane har Statt Torsk i dag 12 lisensar i Stadt-området. Målet er 24 lisensar og ein årleg produksjon på 12.000 tonn oppdrettstorsk.

Meldingane om dei nye lisensane gjorde at Statt Torsk-kursen steig 10,24 prosent - til 2,26 kroner aksjen - i høve til sluttkurs tysdag. Den kursen verdset selskapet til 422 millionar kroner.

Statt Torsk vart børsnotert i april 2021. Like etter børsnotering nådde aksjekursen sitt førebels høgste nivå, 3,3 kroner aksjen. 17. februar 2022 var aksjekursen 1,93 kroner, som er botnrekord.

Børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen

Selskap

Kurs i kroner

%-Endring i dag

Statt Torsk

2,26

10,24 %

Hofseth Biocare

3,30

5,43 %

Endúr

35,19

5,38 %

Atlantic Sapphire

6,935

4,29 %

Hexagon Purus

21,98

3,39 %

Havyard Group

3,45

2,99 %

Arctic Bioscience

14,00

1,82 %

Hexagon Composites

25,32

1,77 %

Sparebanken Møre

74,79

1,08 %

Golden Energy Offshore Services

2,03

-0,49 %

Salmon Evolution

9,39

-1,29 %

Hav Group

9,56

-2,25 %

Nortel

19,90

-3,40 %

Norva 24*

31,16

-3,53 %

Havila Kystruten

16,60

-4,87 %

Havila Shipping

15,34

-5,07 %

*Svenske kroner

Publisert: 08.11.2022 17:06

Sist oppdatert: 08.11.2022 23:31

Mer om