Loeft trass toeffe tider
VEKST: Olav Harald Hovdenakk ligg an til andre året på rad med ein liten vekst etter at selskapet vart råka av oljenedturen i 2015. Etter eit laber første halvår i 2016 vart hausten i fjor mykje betre, seier Hovdenakk.
Nytt

Løft trass tøffe tider

Fisk- og oppdrettsbransjen gir Hovdenakk Maskinering eit lite løft, trass oljenedturen. 

13.06.2017
Så langt i år ligg den vesle maskineringsverksemda i Åmdalen i Ørsta rundt 10 prosent over inntektene i 2016. Held det seg slik resten av året blir det andre år på rad med vekst etter oljenedturen starta for selskapet.
Det er leveransar som til slutt skal brukast i fiskeri- og oppdrettsnæringa som gjer at selskapet aukar driftsinntektene (sjå tabell).

Oljesmell

Hovdenakk Maskinering, med grunnleggar Olav Harald Hovdenakk i spissen, spesialiserer seg på leveransar til den oljetilknytta delen av maritim bransje. Selskapet dreier og freser metalldelar, der nøyaktigheita blir målt i 100-dels millimeter.
I 2015 flytta han verksemda frå garasjen heime til ny verkstad i Åmdalen.

Flyttinga kom i det oljebransjen hadde sett bremsene på. Driftsinntektene falle med over 20 prosent frå 2014 til 2015 og Hovdenakk spådde i fjor nokre år med null-resultat framover.

Kortare tid

Hovdenakk merkar endringane i marknaden mellom anna i kortare ordrehorisont. Før var den på fleire månadar, no er den ned i rundt to.
Fram til no har dei vore tre tilsette i selskapet, medrekna Hovdenakk sjølv. Etter sommarferien blir dei berre to, og slik marknaden er vil Hovdenakk førebels ikkje ta sjansen på å auke arbeidsstokken.

Publisert: 13.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10