Riksmeklar IKKE GJENBRUK FOTO NPKK
STREIKEFARE: Riksmeklaren Mats Ruland (framfor) må igjen i elden for å prøve å få partane til å bli samde om eit lønnsoppgjer som forhindrar streik. Her saman med Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum (bak) og fungerande leiar Knut E. Sunde i Norsk Industri (bakarst) då brotet i forhandlingane var eit faktum berre dagar etter at dei starta. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Nytt

Lønnsoppgjeret i sluttfasen – ein av tre trur på betre råd

Neste måndag kan samfunnet bli kasta ut i storstreik. I dag går partane til Riksmeklaren for å få hjelp.

02.04.2024

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Tysdag går Fellesforbundet og Norsk Industri til Riksmeklaren for å få hjelp til å lande lønnsoppgjeret. Kravet er betre råd til alle. Faren er storstreik.

Forventningane til utfallet av lønnsoppgjeret er store, skal vi tru forpostfektingene. Etter fall i kjøpekrafta dei siste åra skal arbeidsfolk endeleg få etterlengta reallønnsvekst. Det betyr at alle skal ha fått meir å handle for – også når prisveksten har teke sitt – når Fellesforbundet og Norsk Industri forhåpentleg blir samde.

Alternativet er at samfunnet kan bli kasta ut i storstreik når arbeidsveka startar måndag 8. april. LO viste evne og vilje til å setje makt bak krava då hovudorganisasjonen tok ut medlemmer i streik i fjor. Åtvaringa frå LO-leiar Peggy Hessen Følsvik i år er ikkje til å misforstå:

– Vi er førebudde til å ta ein streik for å få det som er rettferdig, sa ho då ho talte til representantskapet før LO vedtok hovudlinjene i lønnsoppgjeret i år.

– Vi skal ha vår del av kaka. Og ei rettferdig fordeling. For det er faktisk rom for eit godt og solid lønnsoppgjer. Eksportinntektene er historisk høge, og industrien har gode tider, sa ho.

Folk har fått dårlegare råd
Det er ingen tvil om at det er store forventningar til lønnsoppgjeret, poengterer forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1. Han er likevel overraska over at forventningane ikkje er endå større.

– Vi har trass alt hatt fleire år no med svekt kjøpekraft og i tillegg ein kraftig renteoppgang. Alt dette har gitt vanlege folk merkbart mindre å rutte med, og for somme er privatøkonomien no heilt på brestepunktet, seier han med tilvising til forbrukarundersøkinga Respons Analyse har gjort for banken.

  • 36 prosent av deltakarane ventar at lønningane skal stig meir enn prisane. Dette fordeler seg på 23 prosent som ventar at dei skal stige «noko meir», og 13 prosent som ventar at lønningane skal stige «betydeleg meir» enn prisane.
  • 24 prosent ventar at lønningane stig mindre enn prisane, fordelt på 17 prosent som ventar at dei skal stige litt mindre, og 7 prosent som trur lønnsveksten, blir mykje mindre enn prisveksten.
  • 20 prosent forventar at lønningane stig like mykje som prisane.
  • 21 prosent oppgir ikkje kva dei forventar i lønnsoppgjeret i år.

– Inntrykket mitt er at tolmodet er slutt hos mange no, og at både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida ser at det er nødvendig med reallønnsvekst for å føre oppgjeret i hamn, seier Gundersen.

Brot etter tre dagar
Brotet i hovudoppgjeret i år var eit faktum berre tre dagar etter den høgtidelege utvekslinga av krav mellom Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum og fungerande leiar Knut E. Sunde i Norsk Industri.

Det var ikkje uventa. Snarare er det regelen heller enn unntaket at oppgjeret ikkje berre går til tvungen mekling, men at det blir mekla i timevis på overtid før offentlegheita får presentert eit utfall.

Den frivillige meklinga starta allereie same dag som partane kunngjorde at dei ikkje klara å komme i hamn på eiga hand. Tysdag over påske kjem planane for Fellesforbundets streikeuttaket i tilfelle konflikt, samtidig som den tvungne meklinga startar på Hotell Opera i Oslo, der partane og riksmeklaren skal møtast fysisk for å prøve å meisle ut eit oppgjer som forhindrar storstreik.

Fellesforbundet har meldt plassoppseiing for 32.108 medlemmer som går på tariffavtalen Industrioverenskomsten, skriv Frifagbevegelse.

– Vi har komme så langt som vi meiner at vi kan komme i forhandlinga, men det går ikkje raskt nok framover. No treng vi at det blir bora djupare i krava og blir større framdrift, sa Eggum då han fortalde at forbundet hadde bede om at forhandlingane blir avbrotne og meklingsinstituttet blir kopla inn.

Pengar og kompetanse
Det er framleis ukjent kor mykje Fellesforbundet krev i lønnstillegg i år. Det som er formidla, er at lønnsoppgjeret må sørgje for at alle får auka kjøpekraft.

Det kan bety eit oppgjer på rundt fem prosent. Noregs Bank la for dagen forventningar om 4,9 prosent i sin siste prognose, men då med eit anslag for prisveksten på 3,8 prosent. Det skulle i så fall tilseie ein reallønnsvekst på 1,1 prosent.

Det tekniske berekningsutvalet (TBU) har på si side anslått ein prisvekst på 4,1 prosent i år. Viss reallønnsveksten skal ende på 1,1 prosent, betyr det ei ramme frå frontfaget på 5,2 prosent.

Frontfagsoppgjeret gjeld konkurranseutsett industri. Dette oppgjeret blir først gjennomført for å sikre at lønningane i Noreg ikkje blir mykje høgare enn hos Noregs konkurrentar i utlandet.

Fungerande leiar Knut E. Sunde i Norsk Industri nektar å diskutere tal og storleikar i full offentlegheit, men uttalte seg positivt til å sjå på Fellesforbundets krav om etter- og vidareutdanningsreform. Rett nok har arbeidstakarane ein noko anna innretning, men også på arbeidsgivarsida er ein oppteke av at verksemder og tilsette utviklar seg saman med nye teknologiske føresetnader.

(©NPK)

Publisert: 02.04.2024 09:52

Sist oppdatert: 02.04.2024 09:52

Mer om