Loeysing for Havyard
LEIRVIK: Verftsaktiviteten i Leirvik held fram etter at Havyard Group har inngått avtale med bankar, reiarar, GIEK og garantistar.
Nytt

Løysing for Havyard

Opprettar nytt verftsselskap og vidarefører verftsaktiviteten i Leirvik.

04.05.2020
Havyard Group at selskapet har funne ei løysing for dei finansielle utfordringane knytt til dotterselskapet Havyard Ship Technology, som står bak verftsaktiviteten i Leirvik.
Selskapet har no oppnådd semje med reiarar, GIEK, involverte bankar og garantistar.
Avtalen sikrar at alle skipa som er under utrustning ved verftet i Leirvik vert ferdigstilte.
I tillegg vert resten av ordreboka fullført, inkludert fem skip der skroga er under bygging ved Havyard sitt skrogverft Cemre i Tyrkia.
Frå før er kontrakten på ferdiggjeringa av eit offshoreskip til kanadiske Atlantic Towing Shipping overtatt av Kleven.

Nytt verftsselskap

Havyard har i samband med løysinga også etablert eit nytt selskap som heiter New Havyard Ship Technology.
Alle kontraktane vert overførde til det nye selskapet, og det er New Havyard Ship Technology som skal ferdigstille alle skipa.
Siste skip i denne portefølgjen skal etter planen ferdigstillast i midten av 2021.
Havyard opplyser at verftsaktiviteten vert vidareført gjennom New Havyard Ship Technology, og at den vidare satsinga innanfor skipsbygging skal vidareførast gjennom dette selskapet.

Publisert: 04.05.2020 17:01

Sist oppdatert: 21.05.2021 06:12