Trond Teigene foto Sparebanken Sogn og Fjordane
OMFATTANDE ARBEID: Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt 30-35 personar i sving med å sikre at banken oppfyller kvitvaskingregelverket, etter kritikk frå Finanstilsynet fortel administrerande direktør Trong Teigene. Foto: Sparebanken Song og Fjordane.
Nytt

Må ut med 14 millionar

Sparebanken Sogn og Fjordane var ikkje gode nok på kvitvaskingsregelverket.

15.11.2021

Finanstilsynet opprettheld det administrative overtredelsesgebyret på 14 millionar kroner som tilsynet tidlegare i år påla banken.

Les børsmelding her

Bakgrunnen var eit tilsyn i mars 2020. Tilsynet meinte banken ikkje etterlevde kvitvaskingsregelverket.

"Tilsynet har avdekka forhold som etter Finanstilsynet si vurdering er av ein slik art og omfang at det kan gi grunnlag for overtredelsesgebyr på 14 millionar kroner", skreiv banken i ei børsmelding i febuar i år.

Ankar ikkje
Sparebanken Sogn og Fjordane fekk i varsel om gebyret i februar i år og sende sitt tilsvar i vår.

No er Finanstilsynet ferdig med si behandling, og opprettheld gebyret.

Den avgjerda blir ikkje anka, seier administrerande direktør Trond Teigene til NETT NO.

Gebyrer er kostnadsført i 2020-reknskapen og blir betalt i år.

10 årsverk
Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt 30-35 personar i sving med å betre rutinane for å avdekke og hindre økonomisk kriminalitet og kvitvasking, etter Finanstilsynet sitt tilsyn og kritikk, i følgje Teigene.

Dette skriv banken om kva som er gjort:
"Sparebanken Sogn og Fjordane tar myndigheitene sin kritikk på høgste alvor. Då den foreløpige rapporten kom tok banken straks grep for å møte kritikken og har gjort ei rekke konkrete tiltak og investeringar for å sikre etterleving av regelverket. Banken har blant anna styrka bemanninga innanfor området, gjennomført nye risikovurderingar og innarbeidd dette i risikoklassifisering og transaksjonsovervaking, revidert alle eksisterande rutinar og utarbeidt nye rutinar. Det er gjennomført eit omfattande opplæringsprogram for styret, leiing og alle tilsette."

Publisert: 15.11.2021 15:50

Sist oppdatert: 15.11.2021 15:45