Maaloey Hotell i pluss
OPPTUR: Måløy Hotell gjekk i fjor med overskot for første gang sidan 2009.
Nytt

Måløy Hotell i pluss

Måløy Hotelldrift har ikkje hatt så store inntekter på ni år.

20.06.2017
Før finanskrisa nådde inntektene til Måløy Hotelldrift toppen i 2007, med driftsinntekter på 11,4 millionar kroner. Deretter gikk det jamt og trutt nedover til knapt sju millionar kroner i 2010, før det flata ut til rundt 7,5 millionar kroner fram til og med 2015.
I åra 2010-2015 gjekk også hotellet med underskot kvart år.
Men 2016 blei ein liten opptur, med ein auke i driftsinntektene på 1, 2 millionar kroner samanlikna med året før, og eit resultat før skatt som akkurat bikka i pluss. (Sjå tabell).

Pluss i eigedomselskapet

Måløy Hotelldrift driv Best Western Hotel Måløy, og er eigd av Norlandiakonsernet, som og eig søsteselskapet Måløy Hotel Eiedom som har husleige frå driftselskapet som einaste inntekt.
Til skilnad frå driftselskapet har eigdomsselskapet gått i pluss heile vegen.

Får konkurranse

Går det som investor Gunnar Carlson og lakseeksportør Sverre Søraa vonar blir det meir konkurranse i hotellmarknaden i Måløy.
Dei står i spissen for å reise kapital til nytt hotell i Måløy, ei utbygging som og skal omfatte kulturhus, bustadbygg og forretningsbygg.

Publisert: 20.06.2017 08:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11