NPK-NTB: – Vi har fleire arbeidsleiarar og tilsette som har vore her i mange år. Dei er vanskelege å erstatte, seier hotelldirektør Ingrid Prestegard ved Brakanes Hotell i Ulvik til NRK.
Ved Fjordtind Hotels i Hardanger manglar dei til saman 40 arbeidarar, 15 av desse frå utlandet.
Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv har eit forslag til løysing.
– Først får vi nøkkelpersonell, så bruker vi nordmenn medan vi ventar på dei faste utlendingane våre. Så får vi utanlandske medarbeidarar inn så fort vaksinesertifikatet startar å fungere, foreslår ho.
Devold gleder seg uansett over at regjeringa har utvida innreiseordninga , som gjer det mogleg for personell med spesialkompetanse å komme til Noreg. For reiselivsnæringa kan det bety kokkar, kjøkkensjefar og guidar med spesiell kompetanse.
Publisert: 26.04.2021 11:02
Sist oppdatert: 26.04.2021 11:16