Maraton strid etter gir svikt
TIDKREVJANDE: Ein tvist om eit gir frå Scana Volda har versert i franske rettsvesen i fleire år, og Scana Volda har ingen aning om når striden blir avklart.
Nytt

Maraton-strid etter gir-svikt

Gir-leveranse frå Scana Volda har hamna i det franske rettsvesenet.

09.09.2014
Striden står om kvaliteten på eit gir som Scana Volda leverte til ein kunde før 2010.
Etter at giret var levert selde verftet skipet til eit fransk selskap. Då giret svikta, saksøkte forsikringselskapet til det franske reiarlaget Scana Volda med krav på 45 millionar kroner.

Usamde om årsak

Forsikringselskapet vil ha skadeerstatning og erstatning for økonomisk følgeskade etter girsvikten.
Saksøkaren meiner det er Scana Volda sitt val av komponentar som er årsaka til at giret svikta.
Scana Volda meiner giret blei levert etter krava til den opphavlege kunden, og at skaden på giret har andre årsaker enn saksøkaren påstår.

Langdryg prosess

Administrerande direktør Hallvard Pettersen i Scana Volda seier til NETT NO at han er innstilt på at tvisten kan ta tid å få avklart.
Giret vart levert før 2010, og søksmålet kom i 2010/2011, og har vore ei sak for rettsvesenet sidan.
Framleis handlar det berre om å få kartlagt fakta for det lågaste nivået i det franske rettsvesenet, før striden eventuelt kjem opp til behandling. Nokon dom eller kjennelse ligg ikkje på bordet, og Pettersen vågar heller ikkje å seie når han trur det kan kome ei avgjerd.

Tredjepart til sak

- Det som er spesielt med Frankrike er at tredjepart kan saksøke kven som helst, seier Pettersen.
Det gjer at reiarlaget kan hoppe bukk over verftet og gå rett på Scana Volda.
I utgangspunktet meiner Scana Volda at selskapet ikkje er erstatningspliktig i det heile, og uansett meiner selskapet at det franske kravet ikkje står i noko som helst rimeleg høve til skadene på giret.

Vesentleg mindre

Slik Pettersen ser det handlar det om ein motpart som brukar retten til å gå til sak og krevje erstatning for ei rekkje moglege skadeverknadar som ikkje har nokon med den opprinnelege skaden på giret å gjere.
Pettersen seier selskapet har følgt regleverket og rapportert kravet i notane i årsreknskapen. I tillegg har Scana Volda sett av eit beløp til å betale ei eventuell framtidig erstatning, i tilfelle det franske rettsvesenet til slutt kjem til å ta saka opp til doms og konkludere i disfavør av Scana Volda.
Kor stor avsetninga er vil Pettersen ikkje opplyse, ut over å seie at det er vesentleg mindre enn det franske kravet.

Publisert: 09.09.2014 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37