Ólafur Karl Sigurdarson foto Marel Fish
SAMARBEID: Marel Fish-sjef Ólafur Karl Sigurdarson trur samarbeidet med MMC First Process vil utvikle seg vidare. Foto: Marel
Nytt

Marel-sjefen om norsk avtale: – Berre starten

Islandsk industrikjempe fortel at grunnrenteskatten var eit sjokk. No ser utsiktene betre ut.

Marius Rosbach
07.02.2024

Tysdag blei det kjent at MMC First Process inngår eit strategisk partnarskap med det islandske storkonsernet Marel.

Begge selskap fortalde at dei ser store moglegheiter i samarbeidet og MMC First Process ventar ein rekke nytilsettingar framover.

– Trur at ein og ein blir tre
Viseadministrerande direktør Ólafur Karl Sigurdarson i Marel Fish ser føre seg eit enno tettare forhold framover.

– Selskapa kjenner kvarandre godt frå før, og har starta samarbeid på nokre område. Eg trur at ein og ein blir tre, og at dette berre er starten og at selskapa vil halde fram å knytte tettare band, seier Sigurdarson til NETT NO.

Tidlegare har dei to selskapa samarbeida på utstyrsmarknaden for pelagiske fiskeslag. No inkluderer partnarskapet også «heile breidde av akvakultur og laks», sa MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske då avtalen blei kjent.

– Ingen strukturelle endringar
Fauske avviser at dette er første steg på vegen til at MMC First Process blir del av Marel.

– Dette er eit reint partnarskap og inneberer ingen strukturelle endringar. Vi er to selskap som sett, og har funne kvarandre gjennom at vi sett berekraftig fiskehandtering høgt, seier Fauske.

MMC First Process hadde kraftig vekst i fleire år, men aktiviteten i den norske oppdrettsmarknaden bremsa opp hausten 2022 etter at regjeringa lanserte grunnrenteskatt på oppdrett. No ser dei lysare utsikter framover.

Vi er ikkje tilbake på den høge aktiviteten som var, men det er likevel gode nivå
Ólafur Karl Sigurdarson

Investeringane peikar oppover
Sigurdarson i Marel Fish meiner også at marknaden er på veg opp og at utsiktene er betre for 2024.

– Vi ser at det er bevegelse i marknaden og at investeringane har starta å ta seg opp. Vi er ikkje tilbake på den høge aktiviteten som var, men det er likevel gode nivå, seier han.

Lanseringa av grunnrenteskatten sette eit sjokk i næringa, også på Island, ifølgje Sigurdarson.

– Det hadde ein stor påverknad, og gjorde at det spreidde seg stor usikkerheit. Først mot slutten av 2023 opplevde vi at det var tilbake meir tryggleik i marknaden, seier han.

Publisert: 07.02.2024 09:45

Sist oppdatert: 07.02.2024 09:45

Mer om