Ventar ny vekst frå avtale med industrikjempe
Saman vil MMC First Process og Marel vere «one-stop-shop» for sjømatindustrien.
MMC First Process inngår eit strategisk partnarskap med islandske Marel. Det opplyser partane i ei pressemelding tysdag.
Børsnoterte Marel er store som utstyrsprodusent til fleire områder av matindustrien. No har dei inngått ein samarbeidsavtale med MMC First Process som skal dekke alle kundens behov innan sjømatforedling, frå fiskehandtering og prosessering, til programvare og sporing heilt fram til forbrukaren.
Vil vere «one-stop-shop»
Tysdag er representantar for Marel og MMC First Process saman i København for å lansere samarbeidet på Salmon Showhow - ei årleg happening. Målet med avtalen er å tilby ein «one-stop-shop» i marknaden.
– Vi bringer heile verdikjeda til marknaden gjennom dette samarbeidet, fortel administrerande direktør Petter Leon Fauske i MMC First Process.
MMC First Process leverer utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa, og har tidlegare samarbeida med Marel om marknaden for pelagiske fiskeslag som makrell. No har dei funne saman på fleire område.
– No bringer vi også inn heile breidda av akvakultur og laks i samarbeidet. Vi er ein god match og 100 prosent komplementære, seier Fauske.
Ventar vekst i bemanninga
MMC First Process reknar med å trenge fleire folk framover både ved Ålesund- og Herøy-avdelinga.
– Vi ventar å tilsette betydeleg folk i løpet av året for å følgje opp dette samarbeidet, legg Fauske til.
Det vil vere behov for folk på alt frå sal, til teknisk og servicepersonell.
Utstyrsprodusenten opplevde kraftig vekst i fleire år, men innføring av grunnrenteskatt på oppdrett sette på bremsane i marknaden.
– Vi ser fleire fordelar
Sjølv om MMC First Process har notert seg for fleire år med milliardomsetning, er dei små samanlikna med deira islandske partnar. Marel har kring 8000 tilsette i arbeid i 30 land og ein storaktør innan ulike type matforedling.
Viseadministrerande direktør Ólafur Karl Sigurdarson i Marel Fish trur avtalen med MMC First Process vil opne nye moglegheiter – ikkje minst for laksemarknaden.
– Vi ser fleire fordelar, selskapa har samarbeida tidlegare og passar godt til kvarandre, seier han til NETT NO.
Dreiing mot større prosjekt
Marel-direktøren fortel at dei har sett ei dreiing i marknaden mot større prosjekt.
– Dei siste åra har industrien bevega seg frå å bevege seg frå mindre installasjonar, til større fabrikkar som dekker areala frå vegg til vegg. Fleire ønsker ein leverandør for heile prosjektet, sjølv om det kan vere utstyr frå tredjepartar, seier Sigurdarson.
Han påpeiker at det gir mindre risiko for kundane, samtidig som dei kan velje mellom ei breiare spekter av produkt ved at selskapa samarbeidar.
Publisert: 06.02.2024 09:30
Sist oppdatert: 06.02.2024 09:25