Markerte skiftet av NHO-leiar
Avtroppande og påtroppande regiondirektør reknar med at NHO Møre Romsdal blir synlegare og tydlegare.
Lene Trude Solheim opna NHO sin regionale årskonferanse i dag med å takke sin forgjengar Espen Remme for fire års innsats som regiondirektør i Møre og Romsdal.
Det er berre fire dagar sidan leiarskiftet, og regionkonferansen er første gang Solheim møter så mange medlemer på ein gang.
– Eg gler meg veldig. Eg er glad i folk og er er glad i å samarbeide med ulike aktørar, seier Solheim.
Like forventningar
Solheim og Remme deler forventingar om at NHO Møre og Romsdal vil blir både synlegare og tydlegare framover.
– Vi skal fortsette å styrke det han (Remme, red merk) har lagt eit veldig godt grunnlag for, seier Solheim.
Nasjonalt gjennomslag
Sjølv om Remme sluttar i NHO skal han arbeide vidare med eit tema som er viktig for NHO.
Framover skal han vere aksjonsleiar i Aksjon for norsk eierskap, som blei etablert av Knut Flakk og Roger Hofseth i fjor, for å arbeide mot formueskatt på såkalla arbeidande kapital.
Skattar og avgifter er viktig, seier Solheim, og stemmene frå næringslivet i næringslivet i Møre og Romsdal har greidd å endre debattklimaet om skatt nasjonalt, ifølgje direktør for region og samfunn i NHO, Gjermund Løyning.
No torer bedrifter over heile landet å snakke om og delta i debatten, ifølgje Løyning.
– Eg vil påstå at dette ikkje hadde skjedd om de ikkje hadde tatt inititativet her i regionen, sa Løyning på årskonferansen som pågår i dag.
Publisert: 06.02.2024 11:15
Sist oppdatert: 06.02.2024 11:28